Etnemarknaden er tufta på frivillig dugnadshjelp

 

Me ynskjer å takke alle frivillige som har hjulpet til på marknaden opp gjennom alle år, utan dykk klarer me ikkje gjennomføra eit gigantisk arrangement som dette. I år har me ca 500 vakter som me treng hjelp til fordelt over fire dager frå 11.-14.august og me vonar på god hjelp i år også.

Er du 13 år eller eldre så har me garantert ei oppgåve du kan hjelpa oss med.

Om du kjem frå Etne, Vindafjord eller andre stader og ynskjer å hjelpe så skal me finne ei passande vakt til deg. Me set utrulig stor pris på alle som vil hjelpe til. Som dugnadsvakt får du fylgande:

  • Ei trivelig vakt saman med mange positive kollegaer  
  • Gratis adgong den dagen du har vakt
  • Gratis adgong til borna dine den dagen du har vakt (dersom du har born)
  • Gratis middag, kaffi og brus
  • Du får lodd og er med i trekninga om ei rekkje gåvekort frå lokale butikkar (verdi ca 1000 kroner) samt eit reisegåvekort til ein verdi av 6000 kronerTar du   1 vakt = 1 lodd, 2 vakter = 3 lodd, 3 vakter = 5 lodd, 4 vakter = 8 lodd

 

   

 

 

Kontakt oss på:

Mail: This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it. eller på telefon: 489 96 179 / 53 75 64 36

 

Her er ein del oppgåver me treng hjelp til:

 

Diverse:

    • Selje billettar (passer for dei over 18 år)
    • Portvakt, passe på kø og sette på armband (for alle)
    • Parkeringsvakt (passer for alle)
    • Konsert og artistvakter (passer for dei over 18 år)
    • Rigg & Rydd: Opp og nedrigging av marknaden (god trening for dei med litt musklar). Altmulig arbeid under sjølve marknaden
    • Provisorisk elektroarbeid, fordeling av straum til salsboder (passer for dei elektrokyndige)
    • Sjåfør til å hente og bringe artistar og evt anna forefallande hente og bringeoppdrag
    • Varelevering, supplere brus og matvarer til grilltelt kiosk m.m. (passer for ungdom)
    • Sekreteriat, svare på allle slags spørsmål (passer for dei "servicemindede" :-)
    • Service til utstillerar

Mat:

    • Grillsjef i grillteltet (passer for dei som er grillsjef i heimen)
    • Grillteltet: Servere og selje mat i grillteltet (passer for alle, men fordel å kunne behandle mat)
    • Storsalen på Skakke: Matservering (passer for alle)
    • Frokostvert/vertinne: Ordne frokost til utstillere og arrangør (passer for dei som serverer fokost med eit smil)
    • Kafe og kiosksal (passer for dei over 16 år)
    • Selje is og slush frå isbod (passer for ungdom)
    • Smøre på mat (passer for matglade personar)
    • Etnir Duggurd - gourmet lunch show på laurdagen. Pynting, servering, rydding, selje billettar (passer for dei pynteglade og dei som elskar god mat)
    • Rydde matområder (passer for alle)
    • Oppvask (passer for alle)