Etnir Duggurd

 

Etnir Duggurd betyr "Etne Lunch". Dette er eit matshow og eit gourmet lunch konsept basert på kortreiste og lokale råvarer.

Sjølve kokkeleringa foregår i matsmak teltet der publikum kan ta del i korleis kokkane jobber fram den eine delikatessen etter den andre. 

 

Arrangementet er på laurdag 12.august frå klokka 13:00-16:00.

 

Denne ettermiddagen vert deler av teltet omgjort til ein gourmet restaurant. Det koster 150kr å få bordplass, men det inkluderar 5 matbongar der kvar bong kan bytast i ein liten "gourmet rett", eit kakestykke, ein dessert, noko å drikke eller ein kopp kvalitetskaffi. Ein kan sjølvsagt kjøpe så mange bongar ein vil og me garanterer at her får dere store matopplevingar for ein billig penge.

I år har me med oss sjølvaste Ryfylkekokken, Frode Selvaag, som vart kåra til årets kjøkkensjef i Norge i 2016. Saman med lokale kokketalent lovar me ein lunch av svært høg kvalitet!

 

   

                   Bytt ein bong i ein matrett                                                 Her er kokkane i Etnir Duggurd 2016                    Me pyntar border og gjer teltet om til gourmet restaurant