Etnir Duggurd - ein betre lunch i Etne - Gourmetmat frå øvste hylle til folkelege prisar!
Ryfylkekokken, Frode Selvaag med sitt kokkelaug serverer gourmetmat av ypparste klasse laga av lokale råvarer.
Me er også heldige å ha med oss vår dyktige konditor, Sølvi Merkesvik, til å laga delikate dessertar som er prikken over i-en på lunsjen. Merkesvik tryllar fram delikate smakar av gode råvarer og danderer dessertane slik at det vert ei perfekt avslutning på den gode lunsjen.
Prosjektleiar er som dei førre åra, Line Njåstad. Ho er sjølv kokk og konditor og legg vekt på at dette er ein unik
sjanse til å vise publikum dei fantastiske råvarene me får i regionen, og ikkje minst kva det er mogleg å trylle ut av dei.
Menyen til Etnir Duggurd på Etnemarknaden 2019 var:
MENY v/Ryfylkekokken:
Skakkeaure - Finalist i Det Norske Måltid 2018
servert med piska pepperrotrømme, fritert bygg og flatbrød frå Imsland
Heilsteikt breiflabbhale frå Austevoll
bakte sommargrønsaker, fiskekremsaus
Angus frå Etne
Langtidssteikt kjøt, sellerirot, grønnkål
Laks med smak av ramsløk,
blomkål, sjøkrepssjy
Riven gris frå Etne
med smak av lokal honning og chili
servert på grovt brød, sylta rødlauk og gulrot
Lam, salta og røykt
kålerabistappa, kokt Etne-potet,
løksaus med mykje persille
Dessert ved Sølvi Merkesvik
Lemon meringue pai
Små terter fylt med sitronkrem og toppa med
luftig marengs
Pavlova med salt karamel og sjokoladeis
Syrlig fristelse. Trefarga mousse med syrlige
bringebær, sitron og appelsin
Bringebær-marinerte eple/pærer servert med lun sjokoladeganache
* kontant eller kort ved inngang til mathallen
A - Messehall og Skakke
B - Eldhugpark
C - Utstillarar
D - Matsmak- og konsertområde
E - Hovudinngangsområde og utstillarar
F - Landbruk
G - Diverse aktivitetar
H1 - Parkering
H2 - Parkering/camping
i - Inngang til marknaden
Med forbehald om endringar.