Bilete av to kokkar som jobbar.
Foto: HP Foto
Bilete av logo

Etnir Duggurd - Ryfylkekokken kjem også i 2019

Matshow og gourmetlunsj-konsept med lokale råvarer

Etnir Duggurd - ein betre lunch i Etne

Gourmetmat frå øvste hylle til folkelege prisar!

 

Ryfylkekokken, Frode Selvaag med kokkelag serverer gourmetmat av lokale råvarer.

Dette er tredje gongen Frode er med på dette arrangementet og det er ikkje utan grunn. Fantastisk organisering av kokkane og fantastisk kvalitet på maten!

Hovudmenyen er ikkje bestemt endå, men me kjem med meir info så snart "chefen" vår har landa årets meny.

 

Som vanleg har me vår dyktige konditor, Sølvi Merkesvik, til å laga dessertane og dei vekkjer nok gamle minner for dei litt eldre, her med ein moderne «touch».

 

Prosjektleiar er som dei førre åra, Line Njåstad. Ho er sjølv kokk og konditor og legg vekt på at dette er ein unik sjanse til å vise publikum dei fantastiske råvarene me får i regionen, og ikkje minst kva det er mogleg å trylle ut av dei.

Meir info om menyar og prisar kjem seinare.

 

Billettar:

* kontant eller kort ved inngang til mathallen

* VIPPS på førehand eller ved inngang. Søk etter Etnir Duggurd på Etnemarknaden.

Me vil takka våre fantastiske sponsorar som syt for at me kan få nyta mat i verdsklasse til folkelege prisar!

SPONSORAR 2018:

Hovudsponsor Etnir Duggurd 2018

Les meir
Område
D

A - Messehallen 

B - Landbruksområde 

C - Uteutstillarar 

D - Mathall/matområde 

E - Uteutstillarar 

F - Aktivitetsområde

G - Eldhugparken - unik i Marknadsamanheng i Norge!

S - Old River Saloon

P1 - Bubil/campingvogn camp for utstillarar samt utstillarparkering

P2 - Parkering personbil utstillarar

i - Inngang til marknaden

MK - Marknadskontor, innsjekk utstillarar