20/3/2020
Redningsskøyta Elias er klar for Etnemarknaden laurdag 3. august Foto: Redningsselskapet

Åpningskonsert med Hilde Selvikvåg!

Folkekjære Hilde Selvikvåg held årets åpningskonsert på Etnemarknaden!

Åpningskonsert med Hilde Selvikvåg


Den populære og folkekjære artisten Hilde Selvikvåg kjem til Etnemarknaden 2020 for å halde åpningskonserten på fredag 31.juli kl.20.00. Selvikvåg er fra Jæren og har på kort tid oppnådd stor suksess med Spellemannsominasjon av debutalbumet i 2015, og deretter fleire store radiohits på løpande band. Med sine fengande poplåter som «Karusell», «Indie» og«Anemone» er ho blitt en av landets mest spelte artistar på norsk radio. Hausten 2018 slapp ho sitt andre album «Fanga heile verden», der heile fem av ni spor har blitt radiolista. Albumet har også hausta strålande kritikkar og blitt omtalt som årets norske poptriumf og det mest melodiøst skråsikre albumet i 2018. Stadig fleire har fått augene opp for den dyktige artisten frå Rogaland. Med sitt særpreg i uttrykk, melodiføring, stemmeprakt og formidlingsevne har ho bevist at ho er ein unik artist og låtskrivar som vågar å gå sine eigne vegar. Hilde slapp forøvrig ny låt, «mine store» som kom ut 7.februar i år. Selvikvåg treff eit bredt publikum, og me gler oss til å sjå og høyre henne opptre på Etnemarknaden 2020!