10/7/2019
Ungdomskoret i Etne deltek på avslutningskonserten
Ungdomskoret er eit av fleire innslag med lokale artistar på årets avslutningskonsert. Foto: Audny Aasheim

Avslutningskonsert med lokale stjerner

I år blir det avslutningskonsert med lokale talent på Etnemarknaden.

– Me vil gjerne vise fram kva talent og musikalske krefter me har her lokalt, det er noko me kan vere stolte av, fortel Audny Aasheim som saman med Dagny Christophersen står bak konserten som er fullpakka med dyktige artistar.

Dei har valt ut tre artistar frå Etne og tre artistar frå Vindafjord.

– Dette blir ein konsert som kan fenge dei fleste, trur eg. Eg håpar publikum sit igjen med ei god kjensle etterpå og er like stolte over desse talenta som det me er, meiner Audny.

Vindafjordtalent

Sara Yordanos Rossebø Svanæs er frå Vindafjord og jobbar no som barnehagelærar i Stavanger, men likevel er musikken framleis ein stor del av kvardagen. Mange hugsar henne kanskje også frå julekonserten i Ølen i fjor, no gler ho seg til ny konsert på Etnemarknaden. Med seg frå Vindafjord får ho vokalist i bandet FYK, Jarle Nordtveit som bur i Imsland og til dagleg jobbar som fysioterapeut i Etne. Tor Helleland blir også med, han er tidlegare musikklinjeelev og student i Bergen med det han kallar sjølv ei evig lengt til scena.

Stjerner frå Etne

Svein Arne Aasheim har sunge heile livet, til dagleg jobbar han som politi i Oslo, men på Etnemarknaden kjem han heim for å bidra på konserten. Med seg frå Etne får han Gunhild Aksdal som er tilflyttar til Etne og eit råskinn både med stemme og sceneopptreden. Til dagleg jobbar ho i Grannar og er med i Skakkekoret i Etne. Etne ungdomskor, som Audny Aasheim er dirigent for, kjem også til konserten. Dei ni jentene i koret starta eigentleg opp som eit marknadskor for mange år sidan, men sidan dei gjerne ville halde fram med synginga vart ungdomskoret etablert.


Informasjon om billettar til årets Etnemarknad finn du her.