2/8/2018
Bitta Bøthun Bjørnsdotter set pris på ærlege tilbakemeldingar og tips til gode teknikkar når i måleprosessen. Denne gong er det Brooklyn Bridge i New York ho har som motiv.
Svein Egil Økland

Bitta & bruene

Kontrasten mellom dei massive konstruksjonane i Stordabrua og den ville naturen fascinerer og inspirerer kunstnaren Bitta Bøthun Bjørnsdotter.

‍Saman med kunstnar og mentor Jan Terje Rafdal (43) i Etne, spissar og utviklar ho både motiv form og teknikkar.

Saman med kunstnar og mentor Jan Terje Rafdal (43) i Etne, spissar og utviklar ho både motiv form og teknikkar.

Å koma inn i atelieret til Jan Terje Rafdal i Etne, der Bitta (44) frå Stord er i lære, er også som ei besøk i eit lite arkeologisk museum. I tillegg til monumentale fjell- og kattemåleri er det hyller med antikvitetar og andre skattar. I monter har Rafdal stilt ut myntar og funn frå utallege detektor-søk lokalt og i regionen. Rafdal er så absolutt ein samlar, og i atelieret hans kan det meste få nytt liv anten som del av kunstprosjekt eller berre som utstilling og inspirasjon for den allsidige kunstnaren, besøkande og  ikkje minst kunsteleven hans.

–     Fyrste gong eg var i atelieret gjorde eg jo ein stor feil, ler Bitta. Då sette eg nemleg i gong å kosta golvet.

–     Ja, det var ein fin tanke. Men eg treng det rusket, smiler Rafdal, som fortel at han har ein eigen krok der han samlar rusk som blir del av måleria sine. Då legg han nemleg store lerret som nett er ferdig grunna med eit ganske tjukt lag med maling ned på golvet med smørsida ned. Då plukkar det med seg det smårusket som ligg på golvet, og blir til struktur i overflata på måleriet.

Bitta Bøthun Bjørnsdotter

Ho har prøvd ut mange vegar og retningar, men dei siste åra er det bruene i trekantsambandet som har fanga interessa og som ho har spesialisert og testa ut ulike teknikkar på. Nå er ho i gong med ein ny serie bru-måleri til hovudutstillinga på årets Etnemarknad i byrjinga av august, der Stordabrua er eit av fleire bru-motiv. Saman med Rafdal har ho valt å fokusere på bru-måleria og få mest mogleg ut av det potensialet som ligg i desse motiva. 

–     Bruene i seg sjølv er ikkje unike, understrekar Rafdal. Men det er måten og teknikkane ein nyttar og uttrykket ein endar opp med som gjer det til kunst.

For Bitta er utfordringa òg at bruene er så nøyaktige i forma at publikum fort fangar opp om det er feil i motivet.  – Eg treng ikkje alltid vera like nøyen med fjella eg målar, smiler Rafdal. Men han understrekar at det å ha eit opphav for eit motiv mest er naudsynt. 

–     Og så trengs det jo alltid ei Rafdal-sky for å få bru-bileta mine optimale, ler Bitta lurt.

 

Kvifor bruer som motiv?

–     Bruene er vakre kontrastar i naturen, smiler ho. Bruene har ei form som er menneskeskapt. Stram i form og med eit funksjonelt mål om kommunikasjon frå ei side til den andre. Samstundes er motivet og eit symbol på håp for meg. Det å gå over ein litt tøff strekning før ein når andre sida, fortel Bitta.

Sjølv fekk ho kunstnarlivet inn med morsmjølka. Som lita sprang ho mykje rundt i atelieret til bestefaren, rosemålar Ingvald Bøthun i Odda. 

–     Eg budde mykje der i oppveksten, då mor mi var mykje sjuk. Bestefar var i tillegg til å vera rosemålar, og særs glad i roser. Det er ho og, men det held å ha dei i hagen.

Ho har sjølv erfart at livet ikkje alltid går ein bein veg og har måtta justert livsituasjonen etter det. Etter ein sjukdomsperiode for tretten år sidan valde ho å ta utdanninga si vidare frå interiørdesignar til kunstnar. 

Ho starta med nettbasert studium via Academy of Art University i California, men etter å ha møtt kunstnaren Jan Terje Rafdal frå Etne på ei utstilling på Stord, valde ho å gå ein litt utradisjonell veg for å utdanna seg ferdig. Sidan møtet i 2016 har ho med jamne mellomrom reist frå Stord til Etne for å gå i lære hjå kunstnaren, mentor eller maestroen frå Etne. 

Rafdal smiler litt over maestro-tittelen, men fortel at denne forma for utdanning var heilt vanleg før i tida, og at det var kunstnaren Odd Nerdrum som i nyare tid tok oppatt praksisen med kunstelevar i lære hjå ein maestro. Rafdal har sjølv hatt mentorar etter han var ferdig utdanna og ser stor verdi i det. 

 

Bitta møtte Jan Terje fyrste gong på ei av hans utstillingar på Stord. Ho syns han var så dyktig og god til å snakka for seg.

–     Eg gjekk rett bort til han og spurde om eg kunne få lov å gå i lære hjå han. 

–     Det blir mykje lått og løye men eg har lært utruleg mykje av han. Han bestemmer ikkje kva eg skal gjera, men er tydeleg i sine tilbakemeldingar. 

For Rafdal er det ikkje berre på teknikkar innan produksjon som er viktig som mentor.

–     Det er ein heilhetlig tanke bak mentor-rolla, fortel han. Det er ikkje berre malingsspørsmål og problemstillinga det skal tas stilling til. Vel så viktig er det korleis ein skal koma seg nokon veg som kunstnar. Samstundes er det ei læring i å ha ein i lære. Ein blir utfordra både på teknikkar og kommunikasjonsformer. Bitta smiler samd.

–     Å bli bevisst kva som krevs for å vera kunstnar i yrkeslivet er viktig lærdom. Samstundes er han med på å gjera meg bevisst som kunstnar og korleis ein skal fungere og bli trygg i den rolla, fortel Bitta.

Sidan 2016 har ho med jamne mellomrom vore i Etne i atelieret til kunstnaren frå Etne, som både er kjent for sin særeigne kattekunst og som dei siste åra har slått gjennom med storformatmåleri med snøsmeltingsmotiv frå Etnefjella.

 

Jan Terje er nøgd med eleven sin.

–     For meg er det verdt å bruke tid på Bitta, då ho har synt at ho er villig til å strekke seg langt for å få dette til og er open for nye impulsar. I tillegg er ho ein kjekk person med godt humør, som i tillegg og kan hjelpe meg i mine produksjonar, samstundes som ho då og lærer nye teknikkar. Og forstår me han rett så set han høgre krav til eleven sin.

–     Eg er her ikkje for å få skryt, seier Bitta. Eg er her for å læra. Men det hender eg får eit klapp på skuldera, smiler ho lurt.

Tekst:  Astrid Eidhammer Hjelmeland Foto: Svein Egil Økland

Les heile marknadsmagasinet her!