19/11/2021
Økland Foto

Etnemarknaden 2022 i støypeskeia!

Me er på gong!

Etter 2 års laaaang koronapause er me no endeleg i gong med å planlegga Etnemarknad 2022. Me er gira på å komme tilbake med ein smell og med eit innhald som vil befesta vår posisjon som eit av dei viktigaste kulturarrangementa i regionen. Med eit endå større fokus på det som marknaden er tufta på, ynskjer me å visa fram det me er gode på her i distriktet. Så det vert "Back to the roots" der folk og fe møtes, nemleg på Etnemarknaden. Me sjåast!