10/7/2019
Nils-Ingar Aadne er klar med føredraget «Prosjekt Toppidrett - Du trener ikkje 700 timer for kødd» på årets Etnemarknad, fredag 2. august. Foto: Svein Finneide

Frå humor til toppidrett

Nils-Ingar Aadne er mest kjent som komikar med stor suksess på scena, i Prosjekt Toppidrett la han vekk scenelivet og satsa alt på idretten.

Aadne kjem til Etnemarknaden for å fortelje om livet som toppidrettsutøvar, om korleis det er å trene 700 timar og kvifor han valde som han gjorde. I 2016 tok han steget, sette karrieren på vent, og starta på prosjektet der det heile handla om kor god han eigentleg kunne bli i skisporet. 8. april 2017 gjekk han sitt første langløp på 67 kilometer i Nord-Finland. I mellomtida hadde han trent og levd som ein toppidrettsutøvar. Nils-Ingar vart ein del av langsløpslaget Team BN Bank med erfarne toppidrettsutøvarar, han trente 700 timar og kjende på både mot - og medgang. Året blei knallhardt, men og lærerikt og morosamt. I dette føredraget tar han publikum med inn i denne reisa, sjølvsagt med ein god dose humor. Det heile handlar om å nå sine mål.

Få med deg føredraget «Prosjekt Toppidrett - Du trener ikkje 700 timer for kødd» fredag 2. august kl 18.00 i Kinosalen Skakke.

For informasjon og billettprisar til årets Etnemarknad sjå her