10/7/2019
Artist og låtskrivar Anne Lise Frøkedal
Etnejenta Anne Lise Frøkedal kjem med bandet Frøkedal & Familien til årets marknad fredag 2. august. Foto: Julia Naglestad

Konsert fredag med Frøkedal & Familien

Oslobaserte Anne Lise Frøkedal frå Etne kjem til marknaden med konsert saman med bakgrunnsbandet Familien.

I følgje rogalyd.no speler Frøkedal & Familien ei blanding mellom minimalistisk popmusikk og folk. Medlemmene i Familien er Olav Christer Rossebø, Thea Glenton Raknes, Erlend Ringseth og Ingeleiv Berstad, mesteparten av desse er også frå Haugalandet.

Anne Lise Frøkedal har tidlegare vore frontperson, gitarist og låtskrivar i I Was A King og Harrys Gym. Låtskrivinga hennar er poetisk, melodisk og ofte mørk. Ho har også utført og skrive sangar saman med kunstnarar som Robyn Hitchcock og House Duo Ost & Kjex, i tillegg til å skrive musikk for moderne dans og film.

Me gler oss!

Les her for meir informasjon og billettprisar til årets marknad