19/6/2018
Bilete av Tuva Lutro som spelar gitar
Thor Brødreskft

Kveldsmarknad på fredagen

I år kan du også oppleve ekte marknadsstemning på fredagskvelden.

 For at endå fleire skal få oppleve triveleg handel og variert program på fredagen blir no opningstida på marknaden forlenga til klokka 22 på kvelden. Pubkvelden i marknadsteltet startar kl.21. 

- Det gir dei som og er på jobb denne dagen sjansen til å få med seg marknadsstemning på opningsdagen, meiner marknadsleiar Kurt Helgesen. 

I år satsar marknadsleiinga spesielt på fredagen som ein marknadsdag med god stemning både på dagen og kvelden. Marknaden opnar kl.18, då blir det konsert med oddajenta Tuva Lutro, som nyleg vann Norske Talenter på TV2, vitenshowet Superheroes med Roe Lauvås jr, han er og mannen bak Vilde Vite og halemysteriet som han skreiv som ei sommarframsyning på vitensenteret VilVite i Bergen, som og blei sett opp på Den Nationale Scene i 2016. I tillegg til dette blir det opningskonsert med musikklaget og eit ekte nabo-oppgjer på fotballbanen der A-laget i Ølen og Etne treffest til kamp etter opninga.

Kjøp billetter her