1/8/2018

Lunsjgeneralen

Nok ein gong er Etnir Duggurd-generalen Line Njåstad (46) klar til å invitere matglade gjester inn på gourmetlunsj.

Matgleda vart tidleg vekt i Line, ho var ikkje gamal første gongen ho laga middag til familien sin. Med oppvekst på ei øy i fiskerikommunen, Austevoll i Hordaland, med ein far som var fiskar og arbeidde på fiskeoppdrett og ei mor som jobba på fiskemottak, var det heilt naturleg at også Line skulle satse på mat.

–  Alt i Austevoll handlar om fisk. Og framleis får me tilsendt ferdige pakkar med torske-filetar og fiskekaker frå mor og far. Dei lærte meg å ha respekt for gode råvarer, det var ikkje mykje Toro i den heimen, seier Line og smiler lurt.

–   Eg brukar ikkje posemat eg heller, eg får det ikkje til, det må vere ekte. Ho inviterer inn i ein lun og koseleg heim, her serverer ho kaffi i prikkete koppar før ho opnar dørene ut på  terrassen og hagen der innbydande blomar og mjølkespann står og lyser om kapp. Her frå huset på Silda i Etne ser ho langt. Aller helst nyt ho synet av fjella ho med glede spring i så  ofte  ho  kan.

–  Eg er glad i naturen ja, glad i å vere ute alle årstider og i allslags vêr, seier ho og set seg i trappa. Sporty kledd i dongeribukse, rosa skjorte og joggesko ser ho ut som ho stadig er  klar for nye utfordringar.

Ho er utdanna både kokk og konditor, og sjølv om ho no har heilt andre arbeidsoppgåver i kvardagen betyr framleis maten og måltida noko heilt spesielt for henne. Ho vedgår gjerne at ho har full kontroll over grytene, noko dei to barna hennar Amalie (18) og Aleksander (16) og veit. Line gler seg likevel over at Amalie har fått med seg matinteressa og bakegleda frå mora.

–  Eg likar godt å samle folk rundt matbordet, ofte får eg spørsmål om mannen min lagar mat eller om det berre er meg. Han kan nok lage mat han, men sanninga er jo at han aldri  slepp til, seier Line og ler godt. Etter ein lang karriere som kokk og konditor gjekk ho for ti år sidan over til Nortura Sandeid der ho arbeidde som kvalitet og personalleiar. Etter kvart vart det også etterutdanning i HMS, personell og leiing.

–  No fekk eg sjå råvarene frå ei anna side. Her fekk eg innblikk i arbeidet på eit slakteri, og kor viktig hygiene og HMS-arbeid er for å få eit godt produkt. Det er jo og litt ekstra spanande no når me har overtatt ein gard i Etne der me driv med storfe. Eg ser at eg har fått med meg ein del kunnskap frå åra i Nortura, fortel Line og legg til at dei framover ikkje akkurat kjem til å ha fritidsproblem.

–  Men eg likar det, arbeidet med dyra og resten av gardsdrifta. Det er kjekt å sjå at me kan få til noko, og så har me god hjelp, det må me ikkje gløyme.

No er ho nytilsett som HR-leiar i Helgevold Gruppen.

–  Eg  er glad  i å arbeide med folk, det har eg hatt med meg heile karrieren. Og som ung kokkelærling lærte me å yte god service og vere flinke til å ha respekt for dei rundt oss,  ikkje minst lærte me å seie ja så ofte me kunne, fortel Line. Ho meiner vegen frå kokkearbeidet til HR-leiar ikkje er så lang, det handlar om å byggje eit godt team som jobbar i same retning. Arbeidet på Etnir Duggurd er også eit sterkt team-arbeid, og ein mykje større jobb enn mange kjem på, trur Line. Dei tre siste åra har Line vore prosjektleiar for lunsj-konseptet under marknaden. Ho kom inn rett etter oppstart og fekk omstrukturert konseptet slik at ein får utnytta dei gode ingrediensane maksimalt. Som sjefskokk har ho andre året på rad fått med seg Ryfylkekokken, Frode Selvaag. Han driv bedrifta  Ryfylkekokken på Finnøy saman med kona Cathrine,som og er sjef i produsentnettverket Rymat. Med på laget blir også konditor Sølvi Merkesvik som er venninne med Line og skal diske opp med tradisjonsrike dessertar som rabarbrasuppe, rusedessert med vaniljekrem, krumkaker med likørmarinerte kirsebær  og  plommepai  med  lakrissaus. På Etnir Duggurd kan publikum og besøkjande vente seg rettar av blant anna heilgrilla gris, sommarlam, Sterling-kveita frå  Hjelmeland og Angus-storfe som er avla opp i Etne. Nytt av året er ein sponsorpakkeordning for Etnir Duggurd -arrangementet, der er blant anna lokalbedrifta Etne Betong komen inn som ein solid partner.

Line brenn for at gjestene på Etnir Duggurd skal få oppleve dei fantastiske råvarene ein får i regionen, og ikkje minst kva rettar og smakar det er mogleg å trylle ut av dei.

– Me legg ned mange timar for å få til arrangementet. Me lagar jo eit komplett kjøkken, der me har med oss både elektrikar, snekker og røyrleggar for å få alt på plass. I praksis så riggar me ein heil restaurant i eit telt. Sjølv er Line oppteken av detaljar, om ikkje alt er heilt på plass, så er det eit poeng at arrangementet blir gjennomført på ein profesjonell måte, både med tanke på hygiene og kvalitet på maten. I fjor var over 300 personar innom lunsjbordet deira.

–  Det viktigaste er at gjestene våre får ei god oppleving, slår Line fast.

Line har funne fram forkledet og kjevlet, mest til ære for fotografen, sjølv om Line med kjevlet slett ikkje er eit sjeldan syn.

–  Kjevlet har eg lang erfaring med, eg har kjevla nokre flater marsipan i mi tid som konditor, seier ho og løftar kjevlet opp i lufta. Som ung konditor fekk Line sølv i NM i konditorkunst, der ho skulle lage pynt til ei bryllaupskake. Når alle dei andre laga kvit,søt og klassisk pynt slo Line til med eit ekte bondetema.

–  Dei andre var jo byfolk, eg tenkte at her må me kunne spele på eit skikkeleg bondebryllaup. Eg fekk andreplass i konkurransen. Det viser kanskje at ein tener på å gå sine eigne vegar, meiner Line som er uredd i dei fleste situasjonar.

–  Eg er nok litt spontan av meg, eg er alltid klar for å lære nye ting. Det er sunt med rørsle og nye erfaringar ein kan ta med seg. Det gjeld og for Etnir Duggurd, me skal ikkje stagnere der heller, draumen er å få inn såpass med midlar at me kan utvikle oss vidare, seier ho bestemt før ho på nytt lar blikket gli over fjelltoppane. Kanskje avsluttar ho den fine  junidagen med ein ny tur.

Tekst: Judith Sørhus Litlehamar Foto: Svein Egil Økland

Les heile marknadsmagasinet her!