Meny 2022
Erling Bjarte Rullis

Menyen til Etnir Duggurden er klar!

Les deg opp på kva herlighetar du kan få smurt ganen med under årets Duggurd!

Me er rimeleg stolte over å få Bocuse D'or vinnar Ørjan Johannessen som kokk til årets Duggurd. I saman med Sølvi Merkesvik (Konditor/dessert) har han komponert ein meny som kan få sjølv den tørraste gane til å fukta seg. Dette er gjerna noko av det mest kvalitetstunge arrangementet me har under marknaden, og garantert ei oppleving som vil sitta lenge i. Me må og få nevna Line Njåstad som er primus motor for Etnir Duggurd arrangementet. Utan henne null Duggurd. Takk skal du ha Line for ein fantastisk innsats!

Pris: Nok 390,- for eit hefte med 5 kupongar med valfrie rettar.