19/7/2019
Foto: Cosplay Studio

Møt Snødronninga på Etnemarknaden

Laurdag 3. august kan du møte sjølvaste snødronninga i mat-teltet på Etnemarknaden frå kl. 12:00-13:00, og 13:30-14:30.

Her kan de møte Snødronninga, ta bilete med henne og slå av ein prat. Noko som er stas for både små og store. Snødronninga gler seg spesielt til å møte alle barna på marknaden. Kom gjerne kledd som di favorittprinsesse eller prins!