29/6/2018
Gaute Mikal Sortland og Ingemund Thorsheim Askeland frå Bergen Mandolinband blir med Steinar Aalvik i årets løesoger på Sæbøtunet.
Foto: Øyvind Apeland

Musikalske løesoger på Sæbøtunet

Løesogegeneral Steinar Aalvik inviterer tradisjonen tru inn til løesoger på Sæbøtunet under Etnemarknaden.

Med seg har Aalvik i år Gaute Mikal Sortland, Forfattar og skribent med mastergrad i litteraturvitskap og musikar Ingemund Thorsheim  Askeland, Lærarbonde og økologisk småbrukar med mastergrad i religionshistorie. Begge kjende frå Bergen Mandolinband.

Aalvik seier at minst ein musikarane kan koma til å bryta ut i sår song, og at me kan rekna med at opptil fleire instrument vert trakterte. Vidare fortel han at tradisjonen tru, må sjølvsagt eit og anna forteljast og. Aalvik opplyser og om at det elles vert selt bilettar og servert godsaker (lappar og kaffi) ved nokre av bygda sine fremste lærarinner.

Løesoger får du med deg på Sæbøtunet søndag 12. august kl 17.00. Billettsal ved inngong. NB! Ver tidleg ute.