19/6/2018
Bilete av Tuva Lutro
Gunn Gravdal Elton

Norske Talenter-vinnar Tuva Lutro til Etnemarknaden

Marknaden opnar fredag 10 august kl.18, då blir det konsert med oddajenta Tuva Lutro (12), som nyleg vann Norske Talenter på TV2.

Det blir eit variert og spanande program også resten av helga. På opningsdagen, fredagen kan du i tillegg til Tuva, få med deg vitenshowet Superheroes med Roe Lauvås jr, han er og mannen bak Vilde Vite og halemysteriet som han skreiv som ei sommarframsyning på vitensenteret VilVite i Bergen, som og blei sett opp på Den Nationale Scene i 2016. 

I tillegg til dette blir det opningskonsert med musikklaget og eit ekte nabo-oppgjer på fotballbanen der A-laget i Ølen og Etne treffest til kamp etter opninga. På laurdagen blir det mellom anna : Ball-leikar med Ingrid Lunde, som er landslagsutøvar i volleyball, Etne Duathlon t/r Etne-Skånevik, Etnir Duggurd – matshow m/ «Ryfylkekokken» Frode Selvaag og Marknadsquiz og marknadsdans i storsalen på Skakkesenteret. I tillegg blir det Lokalband Minifestival på Hotell Fugl Fønix. På søndagen kan du få med deg konsert med Espen Fernando, kjent frå MGP.

Kjøp billetter Etnemarknaden her