29/10/2019
Bilete over landbruksområde i 2018
Landbruksområdet blir i år å finna på Engebøen/Old River Saloon, medan Eldhugparken blir å finna der landbruksutstillinga var i fjor. Foto: Astrid E. Hjelmeland

Nytt marknadsområde

Etnemarknaden flytta i 2019 til nedsida av Skakke. Dette vart eit vellukka endring som vil verta videreutvikla i åra som kjem.

Som del av endringa blir landbruksutstillinga flytta til ormådet rundt Old River Saloon medan Eldhugparken blir å finne der Landbruks-området var i fjor.

— Dette er ei stor endring som er framtidsretta og som me trur er det rette forEtnemarknaden, seier marknadsleiar og økonomiansvarleg Anita Larsen. Messehall, kafe og middagsservering er som før i Skakke, men matområdet og utstillarane som tidlegare sto ute på skuleområdet er flytta til nedsida av Skakke. Då får me heile marknaden på eit nivå og det blir eit kompakt og spanande marknadsområde som me har veldig tru på.

Larsen legg vekt på at det er fleire grunnar til flyttinga.

— Det området me hadde før var veldig todelt og spreidd. Mange fann ikkje messehallen inne på Skakke om dei gjekk på området oppe. Og kom dei inn via utstillingshallen på Skakke, fant dei gjerne ikkje alle utstillarane utandørs på oppsida.

Nye og strengare brannregler ville også gjort det vanskeleg og ha så mange utstillarar som det har vore på skuleplassen tidlegare. Det er kome nye reglar med tanke på kor mange meter ein må ha frå skulebygning til utstillar, dermed kom behovet om ei betre løysing.

— Det er positivt at området blir meir samla, det vert lettare for publikum å finne alle utstillarane, seier utstillaransvarleg Monica Grindheim. Me trur publikum vil oppfatta marknaden som meir kompakt og samla, og Grindheim trur dette vil vera positivt for utstillarane.

— Utstillarane, spesielt dei som er i messehallen vil merke dette ved at publikum er på området heile tida. Tidlegare kunne områda i messehallen og utanfor hallen opplevast «tomme» når det var noko som skjedde i mat- og underhaldningsteltet. No vil dette teltet vera plassert midt i marknadsområdet, slik at ingen treng å kome i utkanten, slår Grindheim fast.

Sjå det nye marknadsområdet for Etnemarknaden her.