5/3/2020
Redningsskøyta Elias er klar for Etnemarknaden laurdag 3. august Foto: Redningsselskapet

Oppfinnarshow for heile familien!

Oppfinnaren Erik Alfred Tesaker blant anna kjent frå Nrk og TV2, no sist frå Farmen kjendis, kjem til Etnemarknaden 2020!

Oppfinnaren Erik Allfred Tesaker blant anna kjent frå Nrk og TV2, no sist frå Farmen kjendis, kjem til Etnemarknaden med sitt oppfinnarshow. Få med deg nokre av hans finurlege idéar og oppfinningar, og høyr han fortelje om handverk og anna. Showet er like kjekt for vaksne som for born. Det vert og sjans å møte Erik Alfred etter showet

Erik Alfred Tesaker frå Flekkefjord er godt kjent frå tv-serien Oppfinnaren på NRK. Tesaker er oppfinnar, handverkar, kunstnar, programleiar og forfattar. Opphavleg er han fødd i New York og er utdanna både tømrar og lærar. Han brenn for gamle handverkstradisjonar, gjenbruk og ein alternativ levestil til kjøpepresset me ser i den moderne verda. Tesaker er også fabrikkdirektør i Handverksfabrikken, ein vassdreven møbelfabrikk frå 1920. Fabrikken er også ein sentral del av TV-serien Oppfinnaren der me fylgjer Tesaker og familien tett i kvardagen på småbruket han ynskjer å setje i stand. Han drøymer om å skape eit mekanisk paradis som speler på lag med naturen, og har naturlegvis eit mål om å bli mest mogleg sjølvberga. Fabrikken er også godt besøk, både av skuleklassar og fagleg interesserte.