Sissel Grindheim - Gjesteutstillar og Marknadskunstnar 2023!

25 år gamle Sissel Grindheim frå Etne er årets gjesteutstillar på Etnemarknaden!

Sissel Grindheim er årets Marknadsutstillar!

25 år gamle Sissel Grindheim frå Etne er valgt ut som årets marknadsutstillar. Sissel vart i fjor uteksaminert etter 2 år ved kunstfagskulen i Stavanger. Her studerte ho mange ulike felt innan visuell kunst og har sidan vore aktiv med å produsere, selge og drive med eigen kunstvirksomhet. No studerer Sissel i Volda, der ho tek ein bachelor i design, kunst og handverk. Målet hennar er å utdanna seg som kunstfaglærer, slik at ho i tillegg til å praktisere eigen kunst, også kan lære bort og inspirere andre til å drive med kreative fag.

Kunsten til Sissel består hovudsakleg av figurative akrylmaleri inspirert av dyr og natur. Ho er aktivt interessert i friluftsliv, noko som viser igjen i verka hennar. Det å vere ute i naturen for å samle inspirasjon er ein viktig del av Sissel sin kunstnarskap.   

Ho fotograferer som ein del av prosessen i arbeida sine, og bruker eigne foto som referanse til maleri. Fleire av motiva er derfor henta frå naturen i Etne, og då spesielt frå Grindheimstølen kor familien hennar har hytte. Ved å arbeide med motiv frå lokalmiljøet håpar hp å kunne skape ei tilknyting der fleire kan kjenne seg igjen i maleria. Bileta er ikkje fotorealistiske, men er ein spegling av eigen oppfatning av naturen og landskapet.    

Gjennom kunsten ønskjer Sissel å formidle ein tematikk om det å bevare naturen og miljøet, der ho fremmar ei glede og ein kjærleik for friluftslivet. 

Me gler oss stort til Sissel si salsutstilling under årets marknad!