9/8/2018
Bilde av barn som leker i boble.
Foto: Svein Egil Økland

Suksess med Eldhugparken

Også i år satsar marknadsleiinga på Eldhugparken som gjer marknadsdagane enklare for barnefamiliane.

Her kan ein betale ein fastpris inkludert inngong til marknaden og nytte deg av alle aktiviteter så mykje du vil. Dermed blir det mindre mas på mor og far, som igjen kan koseg seg på foreldreparkeringa, som vart ein suksesss i fjor.

- Me måtte lage ei eiga parkering for foreldra i fjor, sidan ungdommane ikkje ville forlate parken, det er kjekt å sjå at dette er populært for alle partar, seier Kurt Helgesen og viser til at aktivitetsparken er eit nytt og unikt konsept i marknads - og festivalsamanheng i Noreg. Konseptet liknar på ein fornøyelsespark der ein betaler ein gong og kan nytte seg av alle tilboda og aktivitetene i parken.

Parken har tilbod til små og store i alle aldrar som: tivoli kafè, tivoli, klovnen Ekko, ansiktsmåling, ballongmodellering, straffesparkkonkurranse i fotball, FIFA - konkurranse på Playstation og Baptista Entertainment med spanande aktiviteter.