Før konserten med Kevin Lauren vil me få opptredenar av elevar i frå Etne Kulturskule. Det spirar og gror godt i Etne for tida, og det er fleire lovande elevar og bandprosjekt som vil visa seg fram frå scenen i teltet. Dette vert ein fin anledning for elevane til å visa seg fram på ein stor scene og til eit stort publikum. Me gler oss til å få overvære Etne sine musikalske talenter.