Årets kokkar til Matkonseptet Etnir Duggurd er ingen ringare en dei profilerte kokkane Frode Aga og Lise Finckenhagen. Dei står då for meny og kokkelering på det populære matkonseptet Etnir Duggurd under årets marknad. Og med Heine Totland på plass som konferansiér, tipper me det kan bli ein svært så kjekk ettermiddag i matteltet, laurdag 5.august.
Prosjektleiar Line Njåstad er særs nøgd med å ha fått hanka inn desse to personlighetane, og gler seg storveis til å sjå kva dei kan trylla fram av godsaker på Etnir Duggurd.
Line er svært oppteken av at ein på Etnir Duggurd skal fremme lokal, kortreist mat, der mange lokale produsenter er involverte i prosjektet. Det som Line brenner for og som gir henne motivasjon til å vere prosjektleiar for Etnir Duggurd, er å kunne presentera råvarene til matprodusentane rundt oss, samt syne viktigheta av norsk matproduksjon, og være bevisst på sjølforsyning i Noreg. Ho meiner at Etnir Duggurd er eit unikt konsept der ein får oppleve gode smakar og norske råvarer, og håpar det vil inspirere publikum til å lage mat i frå botn av.
Frode Aga:
Frode kjem frå Ålvik i Hardanger. Han har vore kjøkkensjef på Sunnfjord Hotel, og Engerbert Cafe i Oslo og har siden 1988 drifta Hallingstuene restaurant på Geilo saman med kona Berit. Frode er kjent frå ulike TV-programmer i NRK som "Snurrepiperier" , "Kvelden før kvelden", "Fra loft og til kjeller". Frode har skrevet fleire kokebøker , og i 2011 vart han nominert til Ingrid Espelid Matkulturpris.
Lise Finckenhagen:
Lise kjem frå Oslo. Ho har vore dessertsjef på Bagatelle i Oslo. Ho vart kåra til årets unge kokk på slutten av 1990 tallet. Lise er godt kjent frå ulike TV-programmer i NRK, slik som "Frokost TV" , "Sommaråpent, "Kvelden før kvelden" og "17.mai TV". Ho har og vore fast kokk i Ni-timen på NRK radio. I tillegg har Lise ei rekke kokebøker på samvittigheten, og arrangerer mat og vin kurs.
Konferansier og moromann: Heine Totland
Meny vert lagt ut når det nærmare seg marknad.