Sissel

Hovedutstillar Sissel Grindheim - Salsutstilling Kunst

Sissel Grindheim er årets Marknadsutstillar!

25 år gamle Sissel Grindheim frå Etne er valgt ut som årets marknadsutstillar. Sissel vart i fjor uteksaminert etter 2 år ved kunstfagskulen i Stavanger. Her studerte ho mange ulike felt innan visuell kunst og har sidan vore aktiv med å produsere, selge og drive med eigen kunstvirksomhet. No studerer Sissel i Volda, der ho tek ein bachelor i design, kunst og handverk. Målet hennar er å utdanna seg som kunstfaglærer, slik at ho i tillegg til å praktisere eigen kunst, også kan lære bort og inspirere andre til å drive med kreative fag.

Kunsten til Sissel består hovudsakleg av figurative akrylmaleri inspirert av dyr og natur. Ho er aktivt interessert i friluftsliv, noko som viser igjen i verka hennar. Det å vere ute i naturen for å samle inspirasjon er ein viktig del av Sissel sin kunstnarskap.   

Ho fotograferer som ein del av prosessen i arbeida sine, og bruker eigne foto som referanse til maleri. Fleire av motiva er derfor henta frå naturen i Etne, og då spesielt frå Grindheimstølen kor familien hennar har hytte. Ved å arbeide med motiv frå lokalmiljøet håpar ho å kunne skape ei tilknyting der fleire kan kjenne seg igjen i maleria. Bileta er ikkje fotorealistiske, men er ein spegling av eigen oppfatning av naturen og landskapet.    

Gjennom kunsten ønskjer Sissel å formidle ein tematikk om det å bevare naturen og miljøet, der ho fremmar ei glede og ein kjærleik for friluftslivet. 

Me gler oss stort til Sissel si salsutstilling under årets marknad!