"Kveldsdrøs" såg dagens ljos under Etnemarknaden i 2022. Dette vart ein umiddelbar suksess som me vil gjenta i år. Me vert litt betre kjent med nokre lokale personar med ei spanande bagasje. Eit uformelt talkshow med historiar og betraktningar på livet. Alf Østrem er vert. Årets drøsarar er Hilde Robberstad Bergh, Harald Grindheim, Ågot Åkra og Kristian Heggebø.
Litt om deltakarane:
Hilde Robberstad Bergh (49) er frå Etne, men flytta til Oslo i 2001. Her bur ho med mann, 2 born og katt. Ho jobbar for tida blant anna som Kommunikasjonsjef i Oslo Håndverk- og Industriforening. Hilde brenn for at born, unge og vaksne skal få mulighet til å læra seg eit handverk, oppleve mestring i det å skape noko synlig, varig og verdifullt – og dermed finne sider ved seg sjølc dei ikkje ante at de hadde.
Ågot Åkra vaks opp på Moe og litt på Ljusnes i Etne og gjekk på skulen på Rygg og på Enge. Ho flytte frå bygda i -89 for å gå på skule og seinare studera. I dag bur ho i skogkanten på Siggerud i Nordre Follo, like sør for Oslo, saman med mann (østlending, som syns Stordalsvatnet og Verdalsvatna er finaste fiskeplassane som finst) og fire barn i alderen 12-18 + to pusar. Familien har eit lite hus på Ljusnes og prøver å få seg nokre dagar der i feriane. Til dagleg arbeider ho med bioteknologi (med meir) i SINTEF. I stunder som er til overs, blir det sykling og ymse dugnadsarbeid for fotball, friidrett, handball og korps.
Kristian Heggebø (35) er født og oppvaksen i Ølen, og er svært glad i heimplassen sin. Han brukte brorparten av tida si på idrett (langrenn og fotball) i ungdommen, men fekk etter kvart smaken på øl og musikk og måtte derfor legga opp. Kristian flytta til Oslo i 2008, tok mastergrad i sosiologi, og har jobba innen forskning sidan hausten 2012. Han har doktorgrad i sosialpolitikk og er ansatt som forskar på Velferdsforskningsinstituttet NOVA, OsloMet. Her jobber han med analysar av helseulikhet, trygd, og arbeidsliv. Han er fortsatt (veldig) musikkinteressert, driv med idrett på (veldig) lavt nivå, og er fortsatt (veldig) glad i øl..
Harald Grindheim (43) frå Etne har jobba i det Norske Luftforsvaret sidan 1999. Han har flygarutdanning frå USA, og har for det meste flydd Hercules fly. Han har vore med på ei rekke ekstreme aksjonar, blant anna å hente ut folk frå flyplassen i Kabul då Taliban overtok styringa i Afghanistan i 2021. Forutan Afghanistan kan me nevna operasjonar i Mali, Sierra Leone, Niger, Irak og Jordan, og no seinast som sjef for den norske styrken som bisto med medisinsk evakuering etter jordskjelvkatastrofen i Tyrkia i februar. Til dagleg har han ein ledande stilling i 335 skvadron på Gardermoen. Harald bur og i Oslo, med sambuar og 2 born og fritida kan han bruke på stisykling, fridykking, småflyging (sivil hobby-flyging, utenom jobben), MC-kjøring og Man United.