Vestlandsmeisterskap i Kakekunst

Vestlandsmeisterskap i kakekunst!

Etter inspirasjon i frå bakemeisterskapet som vart vist på TV nyleg, hadde me lyst å arrangere vår egen konkurranse. Her kan deltakarar få ein unik moglegheit til å bli den nye Vestlandsmeisteren i kakekunst. Har du svennebrev, fagbrev eller berre elskar å lage kaker, inviterer Etnemarknaden til «Kakekunst konkurranse» (open klasse)

Konkurransen er sjølvsagt åpen for publikum. Tema for konkurransen er Bryllup. Ein fagjury vil bedømme det ferdige arbeidet og Vestlandsmiester i Kakekunst vil bli kåra. Vinnar vert premiert.

-----

Har du lyst å delta? Kontakt oss snarast og innan 01.juni.

Send gjerne bileter av kaker du har laga tidligare, og ei kort beskriving av deg sjølv og di intereresse for baking. Dei 6 kandidatane me har lyst å ha med i konkurransen vert kontakta kort tid etter at fristen er gått ut.

Kontaktpersom er prosjektleiar Line Njåstad, på line.njastad@aritech.as eller ringer Line på tlf.480 11 706

Sjå denne linken for meire utfyllande info!

https://www.etnemarknaden.no/aktuelt/vestlandsmeisterskap-i-kakekunst---meld-deg-pa