Søknadskjema for utstillarplass i Etnemarknaden 2018
10.-12. august 2018

Utstillarinformasjon

Til informasjon er alle prisar eks. mva

Områdekart for referanse

A - Messehallen 

B - Landbruksområde 

C - Uteutstillarar 

D - Mathall/matområde, NYHEIT: Ny mathall. 

E - Uteutstillarar 

F - Uteutstillarar 

G - NYHEIT: Aktivitetspark - unik i Marknadsamanheng i Norge!

S - Old River Saloon

P1 - Bubil/campingvogn camp for utstillarar samt utstillarparkering

P2 - Parkering personbil utstillarar

i - Inngang til marknaden

US - Utstillarservice, innsjekk utstillarar A og B

MK - Marknadskontor, innsjekk utstillarar C, D, E, F og G

Innestandar i messehal

(Cirka 2000 kvadratmeter totalt)

Innestand i messehall

Har du noen preferanser for standnummer, skriver du her.
3x3meter, 9m2
3x3meter, 9m2
Pris kr 1490,-

Veggstand i kunst- og handverk avdeling

UTESTANDAR: OMRÅDE C-E-F

Har du noen preferanser for område, velger du her.
Du kan velge en verdi mellom 1 og 100 m2. Areal over 100 m2 kontakt forespør pris per mail.

UTESTANDAR: OMRÅDE D (MATOMRÅDE)

Utestand Område D
This is some text inside of a div block.
This is some text inside of a div block.
This is some text inside of a div block.
This is some text inside of a div block.
Stand inne i mathallen (3m dybde)
This is some text inside of a div block.
This is some text inside of a div block.

Diverse

Teltbestilling
This is some text inside of a div block.
This is some text inside of a div block.
Adgangskort
Inntil 4 stykk adgangskort er inkludert i prisen.
Parkering
Gjeldar bubil og campingvogn.
Køyre/parkeringskort
Behov for straum
Behov for vatn
Behov for bord

Salgsvaredeklarasjon

Vi stiller ut følgjande produkt*
Kun oppførte produkter kan seljast/presenterast. Nye søkjarar/utstillarar må leggja ved dokumentasjon, foto, bosjyre, nettstad o.l. som viser vareutval/produkt som skal seljast.
Særlege ønskjer/behov
Særlege ønskjer/behov vedkomande standen/plassering.
Godkjenning av Mattilsynet*
NB! Utstillar er sjølv ansvarleg for å melde inn salgsbod.
Har produkta krav til godkjenning av Mattilsynet?
NB!
  • Arrangøren har et begrenset antall bord og stolar for utleie. Innredningar, spotlights, skap, oppheng m.m må utstillar sjølv ta med.
  • Påmeldingsfrist er 01.Juni. Om plassen vert avbestilt før 10. juli, vil standleige bli refundert, men det belastast eit avbestillingsgebyr kr 500,-.
  • Vi set krav om gyldig avmeldingsårsak som t.d sjukemelding e.l. om standleige skal refunderast etter 10. juli.
  • Henvendingar kan rettast til utstillingaransvarleg Monica Grindheim på tlf 93 22 75 37 eller e-post: post@etnemarknaden.no. Sjå ellers vår nettstad: www.etnemarknaden.no.
Tusen takk for din bestilling

Vi tar snart kontakt for å bekrefte bestillingen.

En feil har oppstått. Vennligst klikk på Send Bestilling én gang til.

Utstillarreglar for Etnemarknaden

1
Ingen utstillar blir registrert før påmeldingsskjemaet ligg føre hos marknadsnemnda i utfylt og underskreven stand. Påmeldinga er bindande i frå den dagen den er motatt og utstillaren hefter for standleige. Etnemarknaden er ikkje pliktige til å tilbakebetala standleiga uansett årsak. Framleige av utstillingsplass er ikkje tillete. Salsutstillingar skal vere under tilsyn av personale frå utstillaren i den daglege opningstida. Utstillaren kan ikkje utan løyve reise frå standen før messa er slutt.
2
Utstillarsområdet er i og utanfor SKAKKE Senteret og Enge Skule. Utstillarane må kontakte utstillarservice for å få tilvist utstillarplass ved ankomst marknaden.
3
All ferdsel på utstillingsområdet og tilgrensande areal skjer i samsvar med retningslinjer for trafikkregulering fastsett av marknaden. Det kan berre parkerast på tilviste plasser. Er bilen ein del av standen må du ha grønt p-kort. Bilar på utstillarparkering fordrar raudt P-kort.
4
Dag og nattvakter fører tilsyn med området. Deler av områda er videoovervåka etter stengetid.
5
Innestand blir levert utstillaren med ferdige standvegger. Utestand blir levert utstillaren med markert avgrensing utan avskjerming. Obs! Hugs å rekna med drag på salsvogner/campingvogner når du bestiller plass. Ekstra opplegg med stikkontaktar, skøyteledningar (25 meter), spotlights, bord, stolar m.m må utstillaren sjølve ha med. Ved bestilling av vatntilkopling må utstillar sjølv syte for tilstrekkeleg lengde slangar (min. 25m).
6
Påmeldingsfristen står på påmeldingsskjemaet. Marknadsnemnda tek undan retten til å avslutte registrering av utstillarar eller eventuelt redusere påmeldt areal dersom utstillinga skulle bli fullteikna før påmeldingsfristen går ut. Marknadsnemnda har høve til å forkaste påmeldingar, refusere utstillingsvarer og justere tildelt areal. Marknadsnemnda har den endelege avgjerdsla på fordeling av utstillingsplassene.
7
Betalingsvilkåra står på påmeldingskjemaet. Dersom betalingsvilkåra ikkje er oppfylt medfører dette tap av tildelt standareal. Marknadsnemnda har i såfall rett til å leige dette ut på ny til andre utstillarar.
8
Kun varer/produkt som er påmeldt kan visast på utstillinga. Det er ikkje høve til loddsal frå standen eller andre stader i marknadsomårdet. For utstillarar som sel matvarer må salsinnretningar og vareutval vera godkjend av mattilsynet i bustadkommunen. Godkjenningsbevis skal takast med og visast ved eventuell inspeksjon.
9
Plakatar o.l. kan ikkje setjast opp på messeområdet utanfor eige salsareal. Vareprøver og reklamemateriell kan berre delast ut frå eigen stand.
10
Demonstrasjonar, utdeling av vareprøvar, bruk av film, lydbånd, video o.l. må meldast frå om til utstillarservice på førehand. Bruk av tale/sangforsterkarar, annonsering av varer/tilbod over høgtalar på standen er ikkje tillete.
11
Salg, ordreopptak og kontraktsslutningar er tillete. Marknaden har salgsløyve for alle utstillarar.
12
Utstillingsplassane blir stilt til rådvelde for utstillarane frå onsdag 8.aug kl.12.00. Dersom ein har behov for tidlegare oppmøte, må ein kontakta Etnemarknaden. Utstillaren må sjølv syte for all transport, montering, demontering, pakking og bortkøyring av emballasje, eigne varer og dekorasjonsmateriell. Monteringa må vere ferdig og all emballasje teken bort innan fredag morgon 10.aug kl.09.30.
13
Demontering av stand kan starta søndag 12.aug etter at utstillingane er stengt kl 17:00. Ingen kan forlate standen sin før kl 18:00 når marknaden er avslutta og publikum forlete området. Brudd på dette punktet får konsekvensar for utstillar! All gods må vere fjerna seinast måndag kl.18.00.
14
Utstillar er ansvarleg for å rydde på standområdet sitt før dei forlet marknaden. All gods, søppel og rot må vere fjerna seinast måndag 13.aug kl.18.00. For utstillarar inne i messehallen skal standen leverast attende fri for dekorasjonar, spiker, fundament o.l. Om ein utstillar etterlet seg søppel, varer etc vil Etnemarknaden sende ut ei tilleggsregning på kr 500 for opprydding.
15
Innkjøring av varer under marknaden er kun tillatt inntil 30 minutt før me opnar eller tidligast 30 minutt etter stengetid, dette av sikkerhetsmessige hensyn. Brudd på dette punktet får konsekvensar for utstillar!
16
Utstillarane er ansvarlege for skader som dei påfører bygningar, innreiingar, anlegg og personar. Utstillarane må sjølv ordne med forsikring av sin stand. Marknadsnemnda tek ikkje på seg ansvar for dei utstilte varene, utstyr eller tredje person sine eigendeler. Ved mykje nedbør/vind e.l er utstillar sjølve ansvarlege for å sikra varene sine og sørge for at telt er skikkelig forankret og ikkje bles overende.
17
Marknadsnemnda har rett til å avlyse marknaden eller deler av denne dersom det syner seg uråd å gjennomføre tilskipinga på grunn av t.d. force majeur, krig, terroråttak, brann, vasskade, stormskader eller ved større skader på bygningar eller tekniske skader på utstillingsområdet og enkeltstandar. Ved avlysing i samsvar med desse punkta i utstillingsreglane, skriv marknadsnemnda frå seg ansvar overfor utstillarane som følgje av avlysinga. Marknadsnemnda er ikkje pliktig å betala attende leige som er betalt inn på førehand.
18
Alle utestandar skal ha minimum 1 stk brannslukkeapperat på standen sin. Dei som manglar slikt apperat vil bli pålagt å skaffa dette før utstillinga opnar. Kontroll vil verta gjennomført og branninnstruks følger med i velkomstmateriell.

Då ynskjer me hjarteleg velkommen til Etnemarknaden 2018!