Informasjon til utstillarar

Etnemarknaden er ein Norges lengstlevande marknadar. Den vert arrangert for 40'ande gongen i 2020. Me har nærare 200 utstillarar og ca 18.000 besøkande. Landbruk, kunst&handverk, småskalaprodusentar og mange andre produkter er å finna her. I tillegg har me stor matmarknad og ein flott messehall. 3 dagar med handel og masse kjekke aktivitetar for heile familien.


Etnemarknaden bestreber seg på å gi utstillarane eit best mulig opphald. Me kan difor tilby følgande fordelar:

* Gratis middag og sosial samling og pubkveld på fredag
* Gratis inngong til marknadsdansen laurdag
* Rimelig frukost kvar morgon i eigen vip avdeling
* Heimelaga middag til kostpris. Er du aleine utstillar, leverer me på standen.
* Gratis kaffe
* Gratis tilgong til sanitær anlegg
* Tilrettelagt bubil og campingområde
* Ingen påmeldingsavgift

Spesialprisar for kunst- og handverk og  småskalaprodusentar, samt gratis stand for «non profit» utøvande handverkarar!

Me legg til rette for at produsentar av kunst-og handverk og småskalaprodusentar skal ha muligheten for å stilla ut hos oss. Difor gir me rabatterte prisar for desse i hallen og på uteområdet. For «non profit» handverkarar som ønsker å visa fram handverket sitt under marknaden, stiller me med gratis standplassen. Etnemarknaden handlar om tradisjonar, og me er difor spesielt opptatt av å være ein arena for desse.
 Kontakt oss om det er noe du lurer på vedrørande stand!