%20Sara%20Sanderud_43%203%20(1).jpg)
Anne Gunn Halvorsen (41) er forfattar og journalist frå Vikedal. Ho bur i Oslo og har gitt ut fleire populære ungdomsbøker og sakprosabøker om livet, internett, kjendisar og kongehus. 21. august kjem ho til Etne og er første gjest i sofaen hjå Alf Østrem!
Etter endt skulegong i Vikedal og på Ølen vidaregåande skule, jobba ho som journalist i mellom anna Dagens næringsliv og Skavlan, samt vore redaktør for Dagbladet Fredag og gratismagasinet Spirit.
Parallelt har ho fått solid fotfeste som forfattar, både innan sakprosa og skjønnlitteratur. I 2017 gav ho ut den første boka si Livet og korleis leve det, tett etterfulgt av boka Stress og korleis leve med det i 2019.
I 2020 debuterte ho med ungdomsserien Halve kongeriket med forfattarkollega Randi Fuglehaug. For den første boka mottok dei Uprisen i 2021, og same året kjøpte Netflix rettane til same bok, som har ført til to Netflixfilmar basert på dei to første bøkene i serien.
Engasjementet for born og unge har fortsett gjennom utgjeving av boka Ikke vær redd – en overlevselsesguide til unge, ei sakprosabok om frykt for ungdom mellom 12-18 år. Ho og Randi Fuglehaug har også fortsett samarbeidet og skriv no på barnebokserien Barnehagen for magiske enhjørninger, der første bok kom ut i 2024.
Anne Gunn Halvorsen sine tekstar er kjende for ein skarp penn, humor og ofte med eit nostalgisk tilbakeblikk til oppveksten i Vikedal på nittitalet med den spede starten på internett, skuledagbøker og bygdeungdomsmiljø. Dette er skildra i den siste boka hennar Mitt internett som kom ut i 2025. Ho har elles ein stor forkjærlegheit for Taylor Swift og kan i følgje ho sjølv svært lite om hage- og handarbeid.