Etnemarknaden - Ein kulturell folkefest

Etnemarknaden som starta i 1981 er ein godt innarbeidd marknad og er ein av dei største marknadane i sitt slag på Vestlandet. Etnemarknaden vert drifta av 5 lokale, frivillige organisasjonar og målet er å tilby gode kultur- og familieopplevingar for både små og store. I løpet av 3 dagar i byrjinga av august får ein oppleva eit uttal aktivitetar, konsertar, 150 utstillarar og masse moro for heile familien. Og på kveldstid er det sjølvsagt fest og fanteri.


Dei siste  åra har publikumstalet under marknadsdagane vore på vel 11 000 besøkande. Etne og Etnemarknaden ligg sentralt i høve til Sunnhordaland, Nord- Rogaland og Hardanger, og innan ein radius på halvannan time med bil har marknaden eit omland med meir enn 150.000 innbyggjarar.

Biletgalleri

Sjå bilete frå marknaden.
Bilete av ein gjeng som går rundt på Etnemarknaden.