UTSTILLARREGLAR 2023

 1.   Påmelding

  • Påmeldinga er bindande i frå den dagen detaljert bestilling er mottatt.  
  • Etnemarknaden er ikkje pliktige til å tilbakebetala standleiga etter at standplassen er bekrefta. Ved dokumentert sjukdom får ein 100% refusjon ved kansellering.
  • Framleige av utstillarplass er ikkje tillate.  
  • Etnemarknaden ynskjer kvalitet og mangfold på utstillingar og påberoper seg retten til å sjølve velge ut kva utstillarar som får tildelt plass.  
  • Salsutstillingar skal vere under tilsyn av personale frå utstillaren i den daglege opningstida.  
  • Utstillaren kan ikkje utan løyve reise frå standen før messa er slutt.

2.    Betalingsvilkår

  • Betalingsvilkåra og forfallsdato står på tilsendt faktura.  
  • Dersom betalingsvilkåra ikkje er oppfylt kan det medføre tap av tildelt standareal. Marknadsnemnda har i så fall rett til å leige dette ut på ny til andre utstillarar.
  • Alle utstillarar må ha betalt sin stand innan dei kjem til marknaden. Om ein har betalt kort tid i førekant ber me om at de tek med dykk bevis på at de har betalt og viser fram i utstillarmottak ved ankomst.  

3.    Produkt/varer

  • Kun varer/produkt som er opplyst om på førehand kan seljast på utstillinga.  
  • Etnemarknaden ynskjer breidde og kvalitet i vareutvalet, og prøvar å begrensa utstillarar med same vareslag, og har rett til å sortera. Loddtrekning om standplass kan være aktuelt ved fleire med same type produkt.
  • Det er ikkje høve til loddsal frå standen eller andre stader i marknadsområdet.  
  • Ulovlege varer, alkohol, andre rusmiddel, skytevåpen, eller varer som kan føre til sjenanse for publikum ala kinaputtar, stinkbomber o.l vil bli inndratt, eventuelt rapportert. Er forholdet alvorlig kan utstillar bli utvist frå marknaden.    
  • For utstillarar som sel matvarer må salsinnretningar og vareutval vera godkjend av mattilsynet i bustadkommunen. Godkjenningsbevis skal takast med og visast ved eventuell inspeksjon.

4.    Utstillarområder

5.    Oppmøte

  • Det er opent for utstillarar for rigg av standar frå onsdag før marknad klokka 09:00. Treng ein lengre tid må det avtalast på førehand.
  • Standar må vere ferdig rigga til seinast fredag kl. 11:00, og bilar, tilhengarar mm må ut av området.  
  • Ved oppmøte får utstillarar tilvist utstillarplass av områdeansvarleg som fører tilsyn med området.
  • Alle standar skal ha fått godkjent sin stand av utstillaransvarleg innan marknaden opnar.

6.    Vakthald

  • Marknadsområdet lukkes torsdag kveld. Etter den tid er det kun utstillarar og personell tilknytt marknaden som får tilgong.
  • På dagtid og fram til klokka 20:00 har utstillaransvarlege kontroll på områda.
  • Mellom klokka 23:00 og 07:00 natt til fredag, laurdag og sundag er utstillarområda overvaka av patruljerande nattevakter.

7.    Ferdsel på områda

  • All ferdsel på utstillingsområdet og tilgrensande areal skjer i samsvar med retningslinjer for trafikkregulering fastsett av marknadsnemnda.  
  • Det kan berre parkerast på tilviste plassar. Er bilen ein del av standen må du ha grønt p-kort. Bilar på utstillarparkering fordrar raudt P-kort.
  • Bubilparkering på P1 krev eige parkeringskortsom har fargen blå.
  • Det er ikkje tillat å køyra bil inn eller ut avmarknadsområdet i marknadens opningstider.

8.    Standplass

  • Innestand blir levert utstillaren med ferdige standvegger.  
  • Utestand blir levert utstillaren med markert avgrensing utan avskjerming.  Obs! Hugs å rekna med drag på salsvogner/campingvogner når du bestiller plass.  
  • For dei som har bestilt telt av Etnemarknaden skal dette vere ferdig satt opp av marknaden innan torsdag klokka 12:00. Sjekk på faktura kva du har bestilt og gjer evt korrigering i god tid på førehand.  
  • Ekstra opplegg med stikkontaktar, padder, skøyteleidningar, spotlights, bord, stolar m.m må utstillaren sjølve ha med. På ute-standar må utstillarar som har bestilt straum ha med minimum 25 meter skøyteleidning. På inne-standar som har bestilt straum ha med minimum 10 meter skøyteleidning.
  • Ved bestilling av vatn tilkopling må utstillar sjølv syte for tilstrekkeleg lengde slangar (min. 25 m).
  • Plakatar o.l. kan ikkje setjast opp på messeområdet utanfor eige salsareal. Vareprøver og reklamemateriell kan berre delast ut frå eigen stand.
  • Demonstrasjonar, utdeling av vareprøvar, bruk av film, lydband, video o.l. må meldast frå om til marknadsnemnda på førehand.  
  • Annonsering av varer/tilbod over høgtalar på standen er ikkje tillate.  
  • Utstillaren må sjølv syte for all transport, montering, demontering, pakking og bortkøyring av emballasje, eigne varer og dekorasjonsmateriell.
  • Monteringa må vere ferdig og all emballasje teken bort innan fredag kl.12:00.
  • Demonteringa startar søndag ettermiddag etter at utstillingane er stengt. All gods må vere fjerna seinast måndag kl. 12:00.
  • Innkøyring av varer under marknaden er kun tillate inntil 30 minutt før me opnar eller tidlegast 30 minutt etter stengetid, dette av sikkerheitsmessige omsyn.
  • Ved mykje nedbør/vind e.l er utstillar sjølve ansvarlege for å sikra varene sine inkludert telt.
  • Når utstillinga er demontert, skal standen leverast attende fri for dekorasjonar, spiker, fundament o.l. Ved eventuell forsømming av dette, har marknadsnemnda rett til å utføre opprydding på utstillaren si rekning.

9.    Avlysing

  • Marknadsnemnda har rett til å avlyse marknaden eller deler av denne dersom det syner seg uråd å gjennomføre tilskipinga på grunn av t.d. force majeur, krig, terrorangrep, brann, vasskade, eller ved større skader på bygningar eller tekniske skader på utstillingsområdet og enkeltstandar som gjer gjennomføringa umogeleg.
  • Ved avlysing i samsvar med desse punkta i utstillingsreglane, skriv marknadsnemnda frå seg ansvar overfor utstillarane som følgje av avlysinga. Marknadsnemnda er ikkje pliktig å betala attende leige som er betalt inn på førehand.

10.  Sikkerhet og forsikring

  • Utstillarane er ansvarlege for skader som dei påfører bygningar, innreiingar, anlegg og personar og må ha forsikring som dekkjer dette. Etnemarknaden tek ikkje på seg ansvar for dei utstilte varene, utstyr eller tredje person sine eigendeler.
  • Etnemarknaden tek like fullt ikkje ansvar om noko blir stelt frå standar. Me oppmodar utstillarar til å ha forsikring og dersom ein har særs verdifulle produkt så oppmodar me utstillarar til å låsa dei ned.
  • Alle ute-standar skal ha minimum 1 stk brannslokeapparat på standen sin. Dei som manglar slikt apparat vil bli pålagt å skaffa dette før utstillinga opnar. Kontroll vil verta gjennomført og branninstruks følger med i velkomstmateriell.

Då ynskjer me hjarteleg velkommen til Etnemarknaden!