Etnemarknaden er ein Norges lengstlevande marknadar. Den vert arrangert for 43. gongen, 01.-03.august 2025. Me har nærare 150 utstillarar og ca 11.000 besøkande. Landbruk, kunst&handverk, småskalaprodusentar og mange andre produkter er å finna her. I tillegg har me stor matmarknad og ein flott messehall. 3 dagar med handel og masse kjekke aktivitetar for heile familien.
Etnemarknaden bestreber seg på å gi utstillarane eit best mulig opphald. Me kan difor tilby følgande fordelar:
* Gratis inngong pubkveld fredag
* Gratis inngong til marknadsdansen laurdag
* Enkel varmrett torsdag ettermiddag/kveld til rimelig pris (Mellom 16.00-19.00)
* Heimelaga middag til rabattert pris. Er du aleine utstillar, leverer me på standen.
* Gratis kaffe
* Gratis tilgong til sanitær anlegg
* Tilrettelagt bubil og campingområde
* 20 % Rabatt på standleiga ved påmelding innen 31.januar og innbetalt innan bet.frist (Rabatt gjeld ikkje for Rekoring standar som allerede er sterkt rabattert)
* Ingen påmeldingsavgift
RABATT PÅ STANDLEIGE VED TIDLEG SØKNAD!!! Earlybird rabatt på 20% ved påmelding/søknad før 31.januar (Gjeld ikkje Rekoring stand som allereie er rabattert)
Fordrar at faktura vert betalt innan betalingsfrist. Faktura sendes ut ca 03.feb med 10 dgr bet.frist. Dersom for sein betaling vert differanse mellom rabatt og fullpris etterfakturert. Om ein ikkje får innvilga plass vert innbetalt standleiga refundet.
Me legg til rette for at produsentar av kunst-og handverk og småskalaprodusentar skal ha muligheten for å stilla ut hos oss. Difor gir me rabatterte prisar for desse i hallen og på uteområdet. For «non profit» handverkarar som ønsker å visa fram handverket sitt under marknaden, stiller me med gratis standplassen. Etnemarknaden handlar om tradisjonar, og me er difor spesielt opptatt av å være ein arena for desse.
PRISAR STAND: (Alle prisar er eks mva)
Innestandar, Skakkehallen (Omr A):
3x3m modul: Nok 2990,- (Nok 2000,- pr ekstra modul)
Tillegg for hjørnestand: (Obs. Begrensa plassar - Dei som søker om plass først vert prioritert)
1 hjørna: nok 1190,- (Gjeld størrelsar 3x3m, 3x6m, 3x9m og 3x12m)
2 hjørner: nok 2380,- (Gjeld kun str 3x6m)
Veggstand, Kunst & Handverk, Skakkehallen (Omr A):
Nok 350,- pr meter. Minimumleige 2m. Plassen vert levert med ca 2 meter gulvplass ut i frå veggen, samt mulighet for oppheng
på treplater på bakvegg.
Utestandar:
Minste antal meter/pris: 3m/4070,- 300,- pr overskytande meter
6m standard dybde:
Minste antal meter/pris 6m/6440,- 125,- pr overskytande meter.
Rekoringprodusent inntil 3m - 900, + mva. Nok 200,- pr meter over 3m!
------
Vanlege utestandar: (Obs! For sal av varmmat, el anna mat for konsumering på plassen, gjeld prisar over)
3m standard dybde
Minste areal/pris 3x3m/2300,-
250,- pr overskytande meter
6m standard dybde
Minste areal/pris 6x6m/4790,-
400,- pr overskytande meter
Utestand - Område C, Landbruk
Minste areal/pris 50m2/6500,- 25,- pr overskytande m2
Utestand, for "non profit" utøvande kunst & handverk (Framsyning, demo og produksjon på staden) Ta kontakt for Gratis standplass!
Andre produkter/tillegg:
Telt: (Inkl. opp- og nerrigg)
3 x 3 m / 2500,-
3 x 6 m / 4290,-
3 x 9 m / 6190,-
3 x 12 m / 6590,-
6 x 6 m / 6590,-
6 x 9 m / 7500,-
6 x 12 m / 8200,-
Straum:
10a 1-fas / 200,-
16a 1-fas / 250,-
16a 3-fas / 570,-
32a 3-fas / 650,-
63a 3-fas / 850,-
Ved behov for 3-fas straum, hugs å krysse av riktig om du skal ha blå (230v) eller raud (400v) kontakt når du fyller i søknadsskjema
Leige av bord:
200,- pr bord. Ca 2,2m lengde (Begrensa antal)
Utstillarcamping:
Plass til Bubil/Campingvogn på utstillarcamp / 600,- (Inkl.straum og tilgong til dusj og wc)
Parkering:
Ekstra køyre/parkeringskort / 50,- (1 kort er inkludert). For parkering på utstillarpark, eller når bil er del av standen.
Ekstra utstillarkort/Id-Band:
125,- pr band (2 band er inkludert i leiga)
Viktig info: Utstillarar må ha med seg alt utstyr sjølve, slikt som stolar, hyller, ekstra belysning, skøyteledning til straum osv. Etnemarknaden ynskjer breidde og kvalitet i vareutvalet, og prøvar å begrensa utstillarar med same vareslag, og har rett til å sortera. Vær nøye på å fylle i skjemaet med riktige opplysningar. Velg rett størrelse på standplass, hugs straum, og ikkje gløym å rekna med draget på salgsvogn, hengar e.l for standplassane står tett i tett! Det er ingen refusjon av standleiga etter at standplassen er bekrefta (unntak ved legeerklæring)
Sjå Utstillarreglar for Etnemarknaden her.