Me ynskjer å takke alle dei frivillige som har bidratt på marknaden i alle år. Utan dykk klarar me ikkje å gjennomføre eit gigantisk arrangement som dette. Kvart år har me ca 500 vakter som me treng hjelp til fordelt på tre dager. Me håpar på god hjelp i år og.
Er du 13 år eller eldre har me garantert ei oppgåve du kan hjelpe oss med.
Om du kjem frå Etne, Vindafjord eller andre stader og ynskjer å hjelpe så skal me finne ei passande vakt til deg. Me set utrolig stor pris på alle som vil hjelpe til. Som dugnadshjelp får du følgande:
- Ei trivelig vakt saman med mange positive kollegaer
- Gratis adgong til Etnemarknaden den dagen du har vakt
- Dersom du har born under 16 år kjem desse også gratis inn den dagen du har vakt
- Om du heller vil ha band til Eldhugparken får du refusjon i pris i det marknadsinngongen kostar (120/60)
- Gratis middag
Kontakt oss:
Mail: post@etnemarknaden.no
Telefon: 93227537 / 99013480
Her er ein del oppgåver me treng hjelp til:
Diverse
- Selje billettar (passer for dei over 18 år)
- Portvakt, passe på kø og sette på armband (for alle)
- Parkeringsvakt (passer for alle)
- Rigg & Rydd: Opp og nedrigging av marknaden (god trening for dei med litt musklar). Altmogleg arbeid under sjølve marknaden
- Provisorisk elektroarbeid, fordeling av straum til salsboder (passer for dei elektrokyndige)
- Sjåfør til å hente og bringe artistar og evt anna forefallande hente og bringeoppdrag
- Varelevering, supplere brus og matvarer til grilltelt, kiosk m.m. (passer for ungdom)
- Sekreteriat, svare på alle slags spørsmål (passer for dei "servicemindede" :-)
- Service til utstillarar
Mat
- Grillsjef i grillteltet (passer for dei som er grillsjef i heimen)
- Grillteltet: Servere og selje mat i grillteltet (passer for alle, men fordel å kunne behandle mat)
- Storsalen på Skakke: Matservering, rydding og oppvask. (passer for alle)
- Frokostvert/vertinne: Ordne frokost til utstillarar og arrangør (passer for dei som serverer frokost med eit smil)
- Kafe og kiosksal (passer for dei over 16 år)
- Smøre på mat (passer for matglade personar)
- Etnir Duggurd - gourmet lunch show på laurdagen. Pynting, servering, rydding, selje billettar (passer for dei pynteglade og dei som elskar god mat)
- Rydde matområder (passer for alle)
- Oppvask (passer for alle)
Eldhugparken
- Sjekk at alle som bruker aktivitetane har armband
- Selje billettar