
Då Sigvart Østrem tok sine første steg inn i NRK som tilkallingsvikar i Dagsnytt i 1967, visste han ikkje at det var starten på ei lang karriere hjå rikskringkastaren.
Gjennom fire tiår har etnebuen vore innom det meste: reporter, programleiar, olje- og energijournalist, distriktssjef og distriktsredaktør. Mesteparten av karrieren hadde han Stavanger som arbeidsstad, og han var med på å formidla både små og store historier til lyttarar og sjåarar over heile landet.
På 1970-talet fann lyttarane han i lokalsendingane til NRK Rogaland. På 1980-talet vart han ein av NRK sine sentrale journalistar innan olje og energi. Tiåret etter tok han leiaransvar som sjef for NRK Rogaland. Då år 2000 kom, valde han likevel å gå tilbake til det han alltid hadde trivst best med, som var journalistikken.
Sigvart er fødd i Etne i 1942 og voks opp med skulegong på folkeskulen på Enge og framhaldsskulen i Steinshagen, og søndagsskule på Grønstad. Vegen vidare gjekk gjennom Øystese statsrealskule, gymnas i Bergen, studiar i statsvitenskap og sosiologi, før journalistikken etter kvart tok han med ut i verda, men aldri heilt bort frå røtene i Etne.

På Kveldsdrøs får publikum møte ein mann med eit unikt innblikk på norsk mediehistorie, og med mange historier på lager frå eit langt liv i nyheitsformidlinga si teneste.