.jpg)
Skodespelaren Peder Lauvås er fødd og oppvaksen i Etne, og var aktuell i årets påskekrim-suksess på TV2, «Mord i Sogn». Han har brei erfaring frå mange ulike teater i heile landet, og har mellom anna vore med på oppstarten av Hakkebakkeskogen-tradisjonen i Dyreparken og på Fløyen, som Mikkel Rev og Bakermester Harepus.

Den fråflytta Etnebuen var ein del av maratonsendinga «Jon Fosse ord for ord» på NRK, som vart kåra til eit av årets kulturelle høgdepunkt i 2023. NRK-dokumentaren «Frontkjempere» som han spelte i, skapte så stor kontrovers at den blei hovudsak i Debatten på NRK i 2021.

Skodespelaren trivst godt med å utforske nye stiar; det siste året har han vunne sjakkturnering, sprunge halvmaraton, blitt medlem i Mensa, byrja på jus ved UiO, og fått halde 17. mai-tale i Etne.Ved «Kveldsdrøs» kjem han direkte frå prøver til Haugesund teater si jubileumsframsyning «Him igjen», og har teke seg kveldsfri frå prøvar til spelet «Håkon den gode» på Fitjar, der han speler tittelrolla. Ingen replikkar er innøvd til Kveldsdrøs, men kanskje blir det nemnt noko om korleis eit fall på ein løpetur på Olalia vart grunnlaget for skodespelar-karriera, eller kvifor han meiner det å dumme seg ut er ein del av vegen mot eit godt liv.