Tradisjonen tru rundar me av årets Etnemarknad med ei storslått konsertoppleving – og det med lokale heltar i hovudrolla! Søndag 3. august kl. 16.00 inviterer me til ei musikalsk avslutning som garantert vil treffa både hjarte og rytmesans.
Kvart år er dette eit av høgdepunkta for oss, der me får løfta fram dyktige vokalistar frå nærområdet, godt støtta av eit knalbra og heilt lokalt backingband. Me er stolte over å kunne presentere eit lag med ekte spelglede, musikalsk kvalitet – og ikkje minst lokal forankring.
Desse fire legg det musikalske fundamentet som dei lokale vokalistane skal byggja vidare på. Og for ein gjeng songarar me får høyre i år:
Årets backingband består av:
Med eit mangfald av sjangrar, sterke stemmer og solide musikarar, ligg alt til rette for ei konsertoppleving som både rører og riv med seg publikum. Prosjektleiar og tilretteleggar for konserten i 2025 er Håvard Ersland, som med stødig hand og musikalsk teft syter for at alt klaffar frå første tone til siste applaus.
Velkomen til ein uforgløymeleg musikalsk finale på Etnemarknaden 2025 – me gler oss til å sjå deg der!