Foto: Etnemarknaden (KI-generert bilete)

Kveldsdrøs 2026

Etnemarknaden er særs glad for å kunne invitere til Kveldsdrøs også i 2026!

Sjølv om den tradisjonelle Etnemarknaden har eit pauseår, går likevel det populære talkshowet av stabelen fredag 21. august. Vår eminente vert Alf Østrem vil i kjend stil samtale med lokalt kjende personar på scena i kinosalen. Det blir pub i foajeen både før og etter showet og talkshowet startar kl 19.30.

Lurar du på kven som havnar i stolane attmed Alf? Dei fire spanande gjestene vil bli presenterte utover våren. Følg med!

Kjøp billett her

🤠
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.