Utandørskonsert med Vamp

Opplev Vamp live og opning av nytt amfi på Olav Vik Stiftelsen Osnes

Etnemarknaden har gleda av å ønskja velkomen til ein magisk sommarkveld med Vamp, i samband med den offisielle opninga av det nye utandørsamfiet ved Olav Vik Stiftelsen Osnes!

Vamp er eit av Noregs mest folkekjære band og har sidan 1990 skapt uforgløymelege musikkopplevingar med den heilt særeigne blandinga av viserock, folkemusikk og sterke tekstar. Gjennom klassikarar som «Tir n'a Noir», «Månemannen» og «Liten fugl» har dei fått ein heilt spesiell plass i hjarta til det norske publikum. Fleire av tekstane til melodiane er også skrivne av Etne-diktaren Ingvar Moe.

‍

Praktisk informasjon

Konsertstart: fredag 28. august, kl. 19.00. Dørene opnar kl. 17.00.
‍

Stad: Olav Vik Stiftelsen Osnes


Billettar: Billettar kan kjøpast på skakke.no

• Vaksen: kr 580,- + avgift

• Born (til og med 15 år): kr 290,- + avgift

‍

Parkering: Ved Etne kyrkje, Skakkesenteret og Etne kunstgrasbane (ingen parkering ute ved Olav Vik). HC parkering nede ved Olav Vik Stiftelsen.

Gratis shuttlebuss frå Etne kyrkje frå kl. 16.30 og til konsertstart (etter konserten fram til kl. 23.00).

Einvegskøyring rundt Osnes i tidsrommet 16.30- 23.00. Sjå skilting.

Me oppmodar til å gå/sykla ut. Det vil vere sykkelparkering oppe ved veien ved nedkøyringa til Olav Vik Stiftelsen.

Det er unummererte plasser, så me oppmodar om å komme tidleg!
‍

‍Mat og drikke: 

Matsal og bar opnar kl 17.00.
‍

Meny:

• Marknadsburgaren: Hamburgar frå Lundal med lokale burgarbrød frå Saltnes bakeri, servert med heimelaga sylta raudlauk, tomat, salat og chilimajones.

• Bakt potet med smak av Etne: Bakt potet servert med heimelaga kryddersmør, lokalt bacon, rømme, mais og raspa ost.
‍

Barmeny:

Kaffi, mineralvatn, øl, vin og sider.

‍

Anna: 

• Medbrakt drikke, mat og paraply er ikkje lov.

• Det vil stå vakter som kan svara på spørsmål både langs vegen og inne på området.

‍

Takk til våre sponsorar: Tine Etne og Vindafjord Produsentlag, Johs Lundal og Smedsvik Gård gartneri.

‍

Vel møtt!

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.