Om livet foran og bak kameraet

Gjest nummer tre på Kveldsdrøs er Elin Tvedt!

Me er stolte over å presentera Elin Tvedt som den tredje gjesten under Kveldsdrøs på Etnemarknaden!

Dei fleste kjenner Elin frå TV-skjermen. Ho vart heile Noregs verdame på TV 2, leia populære program som 71° Nord og Frokost-TV på NRK, og har seinare delteke i mellom anna Farmen kjendis, Skal vi danse og 16 ukers helvete.

Men bak den kjende TV-profilen ligg ei livshistorie som få kjenner. Dei siste åra har Elin valt å fortelja ope og ærleg om både oppturar og motgang, om psykisk helse, forventningspress og korleis sårbarheit kan bli ei styrke. Med varme, humor og mykje sjølvironi har ho rørt publikum over heile landet med foredraget «Sårbar styrke».

Under Kveldsdrøs får me møta Elin i samtale med Alf Østrem og dei andre deltakarane. Ho tek med seg historier frå livet framfor kamera, om oppveksten i Ølen, om tida etter TV-karrieren, om å finne nye stiar og om å finna styrke i det uperfekte.

Velkommen til ein inspirerande kveld!

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.