Kveldsdrøs med vert Alf Østrem

Suksessen "Kveldsdrøs" held fram. Me får møte 4 nye og spanande gjester som garantert har mykje interessant å komma med. Som vanleg er det vert Alf Østrem som held praten i tømmane!

Her er gjestene me får møte:

Solveig Horne, 56 år, er opprinnelig i frå Etne, men flytta ut så langt tilbake som i 1985. Då gjekk turen til Sandnes, og seinare til Sola. Ho er no bosatt på Tysnes, så ho endte i allefall tilbake i Sunnhordaland.
Solveig er gjerne mest kjent som politikar. Ho sat som barne-, likestillings- og inkluderingsminister i Erna Solbergs regjering frå 2013 til 2018. Etter 25 års fartstid i politikken, både i kommunestyre, fylkesting, storting og regjering valgte ho ei anna retning i 2021. Til dagleg er Solveig no daglig leiar i «Takentreprenørenes Forening», som er ein bransjeforening i NHO Byggenæringen. I tillegg driv ho vinimportselskapet Solmimosa og har eit byhus i Provence. Solveig er gift, har to voksne barn, og ei bonusdotter.

Funfacts: Frankofil, svennebrev som butikkslakter, vasker hus når ho skal slappe av, superhost på AirBnB

Henning Årekol, 48 år, Sjukepleiar, relasjonsterapeut, foredragshaldar, realitydeltakar, syklist, humorist, konferansier og energibunt, denne mannen har mange merkelappar!

Henning Aarekol kjem frå Vikedal. Den enorme energien hans har ført han ut på eventyr som andre berre kan drøyme om. Nokre av eventyra har enda i skikkelege oppturar, medan andre gonger har det gått på trynet. Som evig optimist har han likevel ei eiga evne til å tenkje positivt og snu situasjonane til noko godt. Dette har han gjort til sin leveveg.

Han har vore konferansier på Norway Cup si kulturscene i tretten år og haldt foredrag og undervist for Pøbelprosjektet sidan 2011. Han har reist rundt i Noreg for Verdensdagen for psykisk helse, og haldt rundt 300 foredrag for bedrifter over heile landet.

I 2016 laga Henning foredraget, «Koffor sitte inne når alt håp er ute», som selde til fulle hus fleire stader på Vestlandet. Med det nyaste humorshowet hans, «Menn har også følelser», har scenekarriera til Henning verkeleg tatt av. I utselde show serverer han halsbrekkande analysar og herlege erfaringar som tek publikum med på ei humørfylt reise frå barndom til vaksen mann.

Ingrid Lauvås - Den profilerte advokaten er fødd og oppvaksen i Etne og bur i Haugesund i dag med to born og sambuar. Ho gjennomførte jusstudiet «trass i totalt manglande interesse for skule» i følgje ho sjølv, og har jobba som advokat sidan 2007.

Som trettitoåring vart ho partnar og ho opna eige Elden-kontor i Haugesund i 2021. Ho har eit særleg engasjement for barnerett, noko som har ført henne inn i verv og arbeid både på regionalt og nasjonalt nivå.  Mellom anna har ho vore leiar for Advokatforeningen sitt barnevernsutval sidan 2020, har vore i det regjeringsoppnemnde barnevernsutvalet som vurderte rettssikkerheita i norsk barnevern og har delteke i ei rekke debattar og høyringar på Stortinget.

Det sosiale engasjementet stoppar på ingen måte på jobb. På fritida er ho også lokalpolitikar i Haugesund Venstre si bystyregruppe og i utvalet for helse, omsorg og sosialtenester i Haugesund kommune.  

Me gler oss til å bli betre kjend med Ingrid Lauvås sitt engasjement på scena. Kor kjem det frå og kva skjedde eigentleg den gongen ho prosederte jurysak i strømpebuksa?

Grzegorz Górczyński - Gregor, for mange best kjend som "Lego-Gregor", har med seg ei imponerande forteljing. Han reiste frå Polen til Noreg for å jobbe i 2008. Her starta han som mekanikar på SMV. Det som skulle vere eit tre månadar langt arbeidsopphald vart til sytten år. I dag er han etablert med familie i Etne, jobbar som mekanikar og teknikar ved Spira Utvikling og er ein ekte Etne-patriot!

Det stoppa ikkje der. I 2021 vart han landskjend då han deltok i konkurransen Lego Masters på TV2 kor han imponerte programleiarar og tv-sjåarar stort. I etterkant har han starta eventbedrifta Gregorsky BrickWorld der han held foredrag, deltek på konferansar, arrangerer team-building med meir. Han er også lærar for ei eiga Lego-gruppe i Etne kulturskule.

Kom på Kveldsdrøs for å høyre meir om Gregor si reise, magien ved Lego og kvifor han ønskjer å inspirere vaksne og born til å skape meir!

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.