Lørdagskonserten med Tørbjørn Økland Band!

«Torbjørn Økland Band» oppstod etter at Torbjørn Økland hausten 2023 gav ut soloalbumet «Alt det me va».

Økland var i 23 år gitaristen i Vamp men slutta i 2014 for å bli frilansmusikar. Albumet avslørte at Økland også er ein meget god låtskrivar og vokalist.

Det blei raskt eit krav om at Torbjørn Økland måtte ut til folket. Festiviteten i Haugesund booka debutkonserten allereie dagen etter albumutgivelsen, og sidan har det vore hektisk for Torbjørn Økland og bandet.

Stort sett alle konsertar har til no vore utselde, og publikum er strålande fornøyde.

Bandet består av flotte musikarar som Halvor Lillesund, Rudolf Fredly, Vegard Fossum, Nils Økland og Torbjørn Økland, og i tillegg dukker det opp ein gjesteartist på vokal.

Torbjørn Økland framstår som ein svært dyktig orkesterleiar, og viser på konsertene kvifor han av mange blir nevnt som en av Norges fremste gitaristar.

Hvis du likte tidlig Vamp, kjem du til å elske Torbjørn Økland Band, og me er svært glade for å kunne presentere dei på årets Etnemarknad.

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.