Marknadsdansen med Partypants!

Ingen marknad utan marknadsdansen. Me er atter ein gong klar for ein kveld fylt med fest, musikk og moro. Desse kveldane har vorte legandariske, og stappfulle. Me gler oss stort.

Årets festband er "Partypants" i frå Stavanger. Bandet består av eit knippe svært profesjonelle musikarar som tek dansemusikk på ramme alvor. Medlemmene har lang fartstid frå band som Leif og Kompisane, Morten Abel, Janove Ottesen m.fl. Musikalsk kan me forvente svingande hits frå 80 tallet og fram til i dag.

Bandet består av:

Øyvind Grong
- Frontfigur, bassist og vokalist. Øyvind kjem opprinnelig i frå rockebyen Namsos. Sjølv om han til daglig jobber som tubaist i Stavanger Symfoniorkester har iveren etter å spille ute på fest aldri sluppet taket. Han var fast bandmedlem i Leif & kompisane i 13 år, og spelt i, og produsert plater med diverse nasjonale og internasjonale storheter.
Idar Hauge
- Keyboardist og ein av bandets store humør spredarar. Han har og spelt med Leif & Kompisane, og er fortsatt ein foretrukken frilanskeyboardist i Stavanger-regionen.
Aleksander Flotve
- Gitarist, og gladgut frå Karmøy. Også med bakgrunn frå Leif og Kompisane. I tillegg har han spilt med det som kan krypa og gå av Stavangerartister, både live og på plate.
Bendik Anderson
- Bandets trommis og ungdomsalibi. Bendik er ein «rising star» som trommeslager, og fikser alt av stilarter. Han har spelt med bl.a Janove Ottesen i frå Kaizerds og er no trommis i det nye bandet til Terjer Winterstø (Kaizers)

Til å toppa kvelden i Etne har bandet med seg ein frisk blåseduo beståande av Odin Hagen og Erlend Bratlie. Desse to er mykje brukt av ulike band, Stavanger Symfoniorkester og ei rekke revyoppsettingar i Rogaland. Partypants er altså noe av det beste ein kan få tak i av partyband, ikkje berre her i regionen, men me vil påstå på landsbasis. Dette kjem til å svinge noko sinnsjukt så kjenn di besøkelsestid!

Billettar finn du her!

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.