Alexx Alexander, Magishow!

Endå eit fantastisk show for born- og unge på plass!

Den berømte illusjonisten Alexx Alexander kjem til årets Etnemarknaden. Dette vert eit show du ikkj kan gå glipp av!

Alexx er ein Noregs mest anerkjente illusjonistar. Med ei mengde show under magikerbeltet, nylig opptreden i Hollywood med meire, kjem han no heilt eksklusivt til Etne for å forbløffe oss med sine magiske evner. Dette vert eit slags oppvarmingshow til hans store show på Skakke Kulturhus den 31.august. Under Etnemarknaden kan du vinne billetter til show 31.august.

Showet under marknaden går av stabelen på ustescena ved Skakkeringen aktivitetsområde kl.16.00, fredag 2.august. Showet inngår i innganngsbillett til marknad.

Magisk velkommen!