Årets Kveldsdrøsarar er klare!

Kveldsdrøs for 3.året - No er det altså blitt ein tradisjon, sjekk kven som er årets drøsarar.

"Kveldsdrøs" såg dagens ljos under Etnemarknaden i 2022. Dette vart ein umiddelbar suksess som no er blitt ein tradisjon. Me vert litt betre kjent med lokale personar med ei spanande bagasje. Eit uformelt talkshow med historiar og betraktningar på livet. Alf Østrem er vert.

Årets gjester og drøsarar er:

Svein Arne Åsheim
Svein Arne, eller "Svenno" som han ofte vert kalla er født og oppvaksen i Etne. Han har ei særs spanande bakgrunn og jobb. Med ein far som var politi (Tidligare lensmann i Etne, Oddvar Åsheim) var grunnlaget lagt for eget yrkesvalg. Etter endt utdanning starta han karriera som politi i Lillestrøm. Etter 10 år i Lillestrøm, avslutta han jobben som innsatsleiar på gata, og starta å jobbe som livvakt. Erfaringa frå operativ teneste på gata var då ein god ballast å ta med seg. Svein Arne er i dag teamleiar for livvakt tenesta til PST, og har ansvar for tryggleiken til dei viktigaste myndighetspersonane i Noreg. Då snakkar me om feks Statsminister og andre personar svært høgt oppe i systemet. Jobben har tatt han til ei rekke svært ustabile land i verda, der tryggleiksutfordringar har stått i kø. For å takla ein krevande arbeidsdag er mantraet til Svein Arne gode mentale forberedelsar og riktig mindset. Me tipper Svein Arne har fleire juicy historiar på lager.

Svein Arne bur no i Oslo, er gift og har 2 tenåringsdøtrer.

Fun fact: Svein Arne er ein svært dyktig entertainer, og ein framifrå vokalist, og mykje av fritida går med til musikk. Han har spelt fast i bluesband beståande av folk frå politiet. Han har opptrådt på Skånevik Bluesfestival, og i ei rekke andre samanhengar, og veit å by på seg sjølv på scena. Her snakkar me om rimelig store kontrastar i frå jobben i det sivile liv.
-----
Anette Matre
Anette er født og oppvokst i Ølen, og til tider på verftet Westcon, der ho som dotter av 2.generasjon eigar Øystein Matre trødde sine barnebein. Av utdanning har Anette noko jus i frå skulegong i Oslo, og etter det ein Executive master of management fra BI. Ho jobber no som konserndirektør i AutoStore med ansvar for ein del støttefunksjoner (tidligare Innovasjon Norge og Shell), sitter i næringshage styrer i både Vindafjord, Haugesund og Westcon. Så ein kan trygt sei ho er er aktiv i næringslivet og brenner for å skape ting i distriktene. Anette er drivande nysgjerrig og gjerne kjent for å spørre mye spørsmål for å skjønne korleis ting heng saman. Ho bur i Haugesund med kone og tre barn. Som avkobling vert det fort ein tur i skog og mark med podcast eller musikk på øret.

Fun fact: Medfødt genfeil som gir urealistisk tidsoptimisme.
-----
Egil Kambo
Etnesbu Egil Kambo er etterkvart blitt ein svært kjent mann i distriktet og i reine Reodor Felgen stil har han bygd seg opp som kraftgründer, investor og altmuligmann. Hans mange små vasskraft prosjekter er flittig omtala i pressa, og me reknar med det vil bli fleire omtalar i åra som kjem. Egil bygde sitt første kraftverk som 10-åring. I bekken nedanfor huset bygde han kraftverk som 10-åring. Magien oppstod då det funka, då han fekk straum i kablane for første gong. No eig Kambo energi seks småkraftverk i regionen, driv ni og har vore med på til saman 20 prosjekt. Her har me å gjer med ein mann som har trua, kunnskap og drive i massevis. Hans drivkraft er skapargleda. Som om ikkje utbygging av kraftverk var nok, driv Egil og gard med sauer. Han er gift med Viola, som og er sterkt involvert i både kraftfirma og gard. Saman har dei dottera Kristina på 19 år. På fritida går det mykje i (meire) jobb, jakt og fiske.
-----
Maria Steinstø.
Maria Steinstø er 32 år og utflytta Etnebu som no bur i Kristiansand. Ho er utdanna som har sivilingeniør, med bachelor fra Grimstad og master i ftå Oxford. I tillegg har ho videreutdanna seg innan ledelse og psykologi-fag. Maria slutta som prosjektleiar i bygg- og eiendomsbransjen for 2 år sidan, for å satse på eige selskap i ny bransje, mental helse i arbeidslivet. No held ho foredrag og workshops for næringsliv og privatpersonar, jobbar med bok (Det Norske Samlaget) og fleire produkt som skal bidra til å snakke meir om følelsar, tankar og handlingar i arbeidslivet og kvardagen. Maria er og aktiv på sosiale medier der ho delar tankar, tips og råd om arbeidslivet, karriere og kvardag. Totalt har ho 30.000 følgarar, og likar å kalle seg "mikroinfluenser".

Maria er gift med Rune og har bikkje.
-----

Billett er inkludert i inngongsbillett til marknaden.

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.