Espen Mills er årets gjesteutstillar!

Fotograf Espen Mills med både utstilling og foredrag på årets marknad.

Årets gjesteutstillar er Fotograf Espen Mills!

Dei første korte turane gjekk føre seg i Etnefjella som liten gutt - sjølv då med kamera i sekken. Espen er opprrinnelig i frå Etne, men bur no i Stavanger og jobbar full tid som fotograf. Turane har etter kvart vorte lengre, og med kamera i sekken har han reist i 63 land, og omtrent så langt både nord og sør ein kan komma. Få med deg nokre av dei einestånde bileta han har fanga på kamera på turane sine.

I tillegg til utstillinga vil Espen holde 2 foredrag i Litlesalen på Skakke.

Foredrag 1 (fred 2.aug)

Ta betre reisebilder med historiefortelling og kreativ tenking

Han vil i dette foredraget dele sine beste tips for alle som likar å bilder på tur, enten det er i fjella i heimbygda eller på ferie i det fjerne østen - og uansett om du brukar mobilen eller profesjonelt kamerautstyr. Ein del historier blir det undervegs, og moglegheit for spørsmål i slutten av foredraget.

Foredrag 2 (laurd 3.aug)

Frå Norge til Istanbul med 9,9 HK

Husker du historien om dei to kompisene som kjørte ein 15 fots båt fra Stavanger til Bergen for å kjøpe pølse - og havna på forsiden til dei største regionavisene på heile Vestlandet? I dette foredraget får du høyre både den historien, og korleis det til slutt endte opp med ein 5000 km lang båttur til Istanbul i ein 11 fots båt med 9,9 HK på hekken. Turen vart både TV-serie på TV Vest, og fyldige artiklar i både Vi Menn og Båtens Verden. Men for første gong kan du høyre historien frå Espen sjølv, med bilder og filmklipp. Me lover mange godbiter som ikkje er delt med offentlegheita før, blant anna historien om grensepolitiet i Østerrike som nekta dei å kjøre vidare, men endte opp med å køyre dei til bensinstasjonen for bunkring, ulovlig innvandring i Bulgaria og store kommunikasjonsvansker ved Donaus største sluse.