Inger Lise Hope er klar for Etnemarknaden 2024!

Inger Lise Hope frå The Voice kjem til årets Etnemarknad! Konsert er inkludert i inngongsbillett til Etnemarknaden som du kjøper ved inngongen.

Stavanger-baserte, Inger Lise Hope, har vore å sjå på utallige scener siden ho var lita. Ho har gjennom åra smelta mange hjerter med si klokkeklare stemme og fantastiske formidlingsevne. 

Inger Lises musikalske bredde er stor og ho har vore med på alt frå store musikal-oppsettingar, events, dinnershow, julekonsertar og heilt ner til nære ting som bryllup og gravferder. I tillegg har ho gitt ut soloalbumet «Tusen» i 2019, samt «Sugar is fine» i 2021, som var eit samarbeid med ektemannen, under bandnavnet «Davidsen/Hope» 

Hope har gjerna vore ein godt bevart lokal hemmelighet frem til ho nyleg dukka opp og gjorde ein svært imponerande blind audition i årets The Voice på TV2.  Ho er og gått viralt på den internasjonale YouTube kanalen til The Voice, og er i skrivande stund ei av dei mest sette innslaga world wide. Det blir utrulig spennande å sjå kor langt Inger Lise når i årets The Voice. Til Etnemarknaden kjem Inger Lise med fullt band, og me gler oss til ein flott åpningskonsert, og me heier på Inger Lise si vidare ferd i The Voice.

Konsert er inkludert i inngongsbillett til Etnemarknaden som du kjøper ved inngongen.