Åpningskonsert med Inger Lise Hope

Årets vinnar i The Voice, Inger Lise Hope, kjem til årets Etnemarknad!

Stavanger-baserte, Inger Lise Hope, har vore å sjå på utallige scener siden ho var lita. Ho har gjennom åra smelta mange hjerter med si klokkeklare stemme og fantastiske formidlingsevne.

Inger Lises musikalske bredde er stor og ho har vore med på alt frå store musikal-oppsettingar, events, dinnershow, julekonsertar og heilt ner til nære ting som bryllup og gravferder. I tillegg har ho gitt ut soloalbumet «Tusen» i 2019, samt «Sugar is fine» i 2021, som var eit samarbeid med ektemannen, under bandnavnet «Davidsen/Hope»

Hope har gjerna vore ein godt bevart lokal hemmelighet frem til ho dukka opp som deltakar i årets The Voice tidligare i år.  Me booka ho sporenstreks etter blind audition, og gambla på at ho ville nå langt. Resten er historie! Ho gjekk heilt til topps i The Voice! Kor kult er ikkje det?

Til Etnemarknaden kjem Inger Lise med fullt band, og me gler oss til ein flott åpningskonsert med eit vokaltalent utanom det vanlege.

Konsert er inkludert i inngongsbillett til Etnemarknaden som du kjøper ved inngongen.

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.