Gjesteutstillar Espen Mills

Årets gjesteutstillar er Fotograf Espen Mills!

Dei første korte turane gjekk føre seg i Etnefjella som liten gutt - sjølv då med kamera i sekken. Espen er opprinnelig i frå Etne, men bur no i Stavanger og jobbar full tid som fotograf. Turane har etter kvart vorte lengre, og med kamera i sekken har han reist i 63 land, og omtrent så langt både nord og sør ein kan komma. Espen er fast fotograf for Hurtigruta, og har vore med på ei rekke spanande ekspedisjonar i regi av desse. Få med deg nokre av dei einestånde bileta han har fanga på kamera på turane sine.