Magishow ved magiens Mester Daniel Larsen

Daniel Larsen er ein av Noregs beste barne- og familieunderholdarar gjennom 30 år. Hans erfaring viser igjen på scena, og borna kan forvente seg eit show full av humor og overraskelsar. Daniel får borna til å hyle, skrike og le av begeistring før dei igjen blir stille av forundring. Daniels varemerke er den gode kontakten han har med borna. Dette er magisk underholdning av høg kvalitet!

Daniel hadde show også i 2023, og det går gjeteord om kor kjekt det var. Me gler oss til å få besøk av Daniel igjen, han er knallflink. Showet vert holdt i trappene/auditoriet like ved kiosken i foajeen på Skakke.

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.