Atomic Band

Marknadsdans med Atomic Band

Etter braksuksessen i fjor var det vel ingen tvil om at me måtte booke Atomic Band også i 2023.  Makan til perfekt reportoir som passer dei fleste og som skapar ein magisk stemning, skal ein leite lenge etter. I år speler dei i teltet, og då satser me på å få plass til endå fleire. I fjor måtte me stenga dørene fordi det vart fullt. Så lurt å sikra seg billettar tidleg her!

Atomic Band består av Lars Ivar Tønnesen (Trommer/Vokal), Trine Klinkenberg (Vokal), Inge Enoksen (Keys), Rolf Kloster (Gitar) og Øyvind Grong (Bass/Vokal)