Lassokasting og konkurranse med Søringen og Samen

Bli med Søringen og Samen og prøv deg på lassokasting. Passar for både vaksne og born.

---

Søringen, Anders Kråkevik frå Sørfjorden, og Samen, Mathis A.Oskal frå Kautokeino, kjent frå Tv-Serien "Søringen og Samen" vert å finna på marknadsområdet alle 3 dagar under årets Etnemarknad. Då kan me forventa oss lassokasting og konkurransar, motorisert pargaglider over området, joik, song, og masse anna kjekt. I tillegg vil du finna sonen til Mathis med egen salsbod der han tilbereder og sel reinsdyrwok på matområdet. Dette her vert jo bare heilt makalaust, og me er særs nøgde med å ha fått tak i denne fine gjengen til å delta på Etnemarknaden.